Hopp til innhold

Tek med seg Susanna til New York

Operaen «Susanna frå Sunnfjord» vart ein stor suksess for Åmot gard. No skal ho lokke amerikanarane til Sogn og Fjordane.

Video Eksentriske kunstnarstrekar vert opera.

SJÅ: TV-saka om kammeroperaen 'Susanna frå Sunnfjord'.

Helgas førestilling hausta stor applaus og mange lovord. No skal operaen lokke amerikanske turistar til fjordfylket.

Det skjer under eit marknadsmøte for amerikanske reiselivsagentar 26. oktober i New York.

- Vi håpar på auka sal av regionen Sunnfjord som reiselivsmål. Det er ikkje berre Åmot gard, men også dei ulike opplevingane medan dei bur her, seier Steinar Sørli hos Åmot gard.

Utseld opera

Operastykket, med Jorunn Torsheim i hovudrolla, byr på humor og flott musikk og song. Begge førestillingane i helga var utselde. Det betyr 200 publikumarar.

No skal eit utdrag tilpassast framsyninga i USA. Sørli meiner regionen har noko heilt særeige som let seg kommunisere langt utanfor Sunnfjord sine grenser.

- Operaen byr på historien om Sussanna som var tjenestejente på Åmot gard i 1780 og er koblet med den lokale kunstneren Odvar Torsheim og det universelle i Mozart sin musikk.

Sunnfjordkveld i New York

Det er ikkje berre operaen Åmot gard tek med seg til statane. Også kokken Christel Elde skal varte opp amerikanarane under arrangementet i Scandinavian House. Det blir også kulokk og folkesongar frå Sunnfjord.

Sørli fortel dei allereie merkar auka interesse etter at dei i byrja å samarbeide med reiselivsagenten The Travel Designer.

- Det er allereie seld inn reiser frå New York, der det å bu på same stad som verdsstjerna Kiri Te Kanawa har slått godt an i marknaden i USA saman med bre og fjordopplevingar, fortel Sørli.

Sørli legg til at dei også ynskjer å arrangere ein sunnfjordkveld i New York, og at dei no har kontakta næringslivet i sunnfjord, UD og Norsk kulturråd for å realisere planene.