Hopp til innhold

Mann fall i sjøen

Ein mann måtte reddast opp frå sjøen etter at han fall frå ein båt ved Kvamsøy i Balestrand.

Luftambulanse og ambulanse på Kvamsøy

Luftambulanse og ambulanse kom til Kvamsøy for å hjelpe mannen som fall i sjøen.

Foto: Robert Jan Leerink

Det kom inn mange naudanrop til AMK frå folk som høyrde rop om hjelp i 17.30-tida. Fleire personar såg mannnen i vatnet og at båten dreiv frå han.

– Ambulanse og helikopter vart sende til staden, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit ved politiet.

Hurtigbåten Fjordprins var like i nærleiken, men før dei kom fram, hadde folk på land fått tak i ein båt og klarte å plukke han opp.

Mannen var nedkjølt etter å ha lege i vatnet i 15-20 minutt og amublansepersonellet vurderer om han skal frakast til sjukehus.

Båten han fall ut frå er av typen RIB, med fast botn og oppblåsbar gummislange rundt.

Amulanse ved Kvamsøy
Foto: Robert Jan Leerink