Hopp til innhold

Frikjent for seksuelle overgrep

Sogningen vedgjekk i retten fleire seksuelle overgrep mot ei ni år gammal jente. Likevel vart han frikjent.

I Sogn tingrett vedgjekk mannen at han fleire gonger hadde forgripe seg seksuelt mot jenta som den gongen var ni år gammal. I retten forklarte mannen at han berre var 13 år gammal då han forgreip seg første gongen. Det er snakk om ulike typar seksuelle handlingar. Men mannen nekta i retten for at han forsøkte å gjennomføre eit samleie og at han forsøkte å tvinge jenta til oralsex – slik ho hevdar.

Snakka med veninne

I retten forklarte kvinna at overgrepa førte til at ho har fått vanskar seinare i livet. Overgrepa vart først melde til politiet etter at ho i vaksen alder fortalde om dei til ei veninne.

Mannen nektar for at han gjennomførte fleire overgrep etter at han fyllte 15 år. Her er ligg også forklaringa på at mannen vart frifunnen i Sogn tingrett. Sidan det ikkje kan tidfestast sikkert at overgrepa skjedde etter at han fyllte 15 år, har han ingen straffeansvar.

Personlege problem

Sjølv om tingretten ikkje utelukkar at dei personlege problema kan knytast til overgrepa, finn dei heller ingen klare bevis på at det skjedde ei markert endring i åtferda hennar på det tidspunktet ho sjølv påstår at problema byrja.