Hopp til innhold

No får streiken følgjer for born

Frå onsdag av vil ein fjerdedel av dei tilsette i Årdal kommune vere ute i streik.

Ingvar Laberg

Rådmann i Årdal kommune, Ingvar Laberg, konstaterer at streiken i kommunal sektor vil by på utfordringar for Årdal kommune.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Tekniske tenester, merkantilt personell, SFO, skular, barnehagar, bibliotek og fritidsklubbar blir råka når ytterlegare 67 tilsette blir tekne ut i streik i Årdal kommune.

- For oss som driv denne type teneste, så aukar alvoret både med at personell blir tekne ut, men det blir også stogg i reinhaldet ved desse institusjonane frå i morgon tidleg, seier rådmann Ingvar Laberg.

Får dispensasjon

65 tilsette i kommunen har frå fredag 28. mai vore ute i streik. Dersom også neste uttak blir gjennomført, vil i alt 132 tilsette vere i streik. Laberg seier dei gjennom dispensasjonar og samarbeid med Fagforbundet får ta seg av born med særskilte behov.

- I overkant av halva var dei tilsette i barnehagane blir tekne ut. Desse vil prøve med reduserte opningstider og ein prøver med ei ordning der borna får tilbod om barnehage annankvar dag. Dette vil foreldre bli orienterte om, seier Laberg.

Rådmannen legg til at ein likevel kan kome i ein situasjon der heile tilbod kan bli stengde ned sidan også reinhaldet av institusjonar vil forsvinne.

Følgjene av streiken i Årdal:

SFO/barnehage og skule;

  • SFO ved Farnes og Tangen skule vert med verknad frå 2.juni stengt, p.g.a. personellmangel.
  • Det vert oppretthalde eit tilbod til elevar med særskilt behov.
  • Barnehagane vil med verknad frå 2.juni kunne gje eit begrensa tilbod i form av reduserte opningstider og barnehageplass annakvar dag. Melding om dette tilbodet vert gjeve til føresette tysdag 1.juni.
  • Barnehagane, Farnes og Tangen skule vert haldne opne så lenge det er hygienisk forsvaleg.

Kommunale eigedommar:

  • Årdalshallen og Tangenhallen, samt symjebassenget ved Tangen skule er stengt.
  • Samfunnshuset i Øvre Årdal er stengt for større arrangement (storsalen)
  • Grasbanene på Jotun stadion og Årdalstangen stadion er stengt. Det vert ikkje utført vedlikehald og tilrettelegging på idrettsanlegga.
  • Det vert ikkje utført vedlikehald på kommunale grøntanlegg, vegar m.m
  • Drift og vedlikehald på kommunale bygg vert sterkt redusert.

Bibliotek og fritidsklubbar:

  • Biblioteket i Øvre Årdal og fritidsklubbane på Årdalstangen og i Øvre Årdal vert stengde frå 2.juni.

Generelt;

  • Sentralarkivet sine funksjonar er sterkt reduserte, med mellom anna verknad for postrutinane.
  • Møte i folkevalde organ vert ikkje haldne under streiken.
  • Tenestetorg og sentralbord er stengd. Kontaktinformasjon vert gjeve på telefonsvarar 57 66 50 00 og Årdal kommune si heimeside: www.ardal.kommune.no

Kommunen opplyser at drifta vert følgd nøye og at akutte situasjonar vert teke hand om med det same. Leiinga kjem til å ha tett dialog med Fagforbundet gjennom heile aksjonen.