Hopp til innhold

Ved midnatt var ventetida over

Ved midnatt stod fiskeentusiastane klare langs fylkes opne lakseelvar.

Laksefiske i Eidselva

Fiskelukke for Carin Kristiansen, Svein Morten Eikeset og Henning Langeland i sportsfiskarlaget i Eid.

Foto: Øystein Torheim

Etter berre 15 minutt landa Svein Morten Eikeset, formann i sportsfiskarlaget i Eid, sesongens første laks.

- Det var ganske fort gjort dette her. Det var fjerde kastet. Klokka var 15 minutt over midnatt. Det var på makk, og den tok ganske momentant, fortel den lukkelege laksefiskaren.

Opninga var redda

For fiskeentusiastane var timane før opninga som å vente på både 17. mai og julekvelden. Månadsvis med venting og glede var over og endeleg kunne dei tilbringe nattetimane med spenning langs elvebreidda.

- Det var ein fin mellomlaks og dermed var opninga redda for min del, fortel Eikeset.

Slo sin eigen rekord

I Eidselva vart det sportsfiskarlaget si store natt. For berre fem minutt etter at formannen landa sin laks, stod sekretæren i laget, Carin Kristiansen for tur.

- 11,8 kilo laks. Eg slo min eigen rekord faktisk. Dette er min tredje sesong og var veldig, veldig gøy, fortel ho. Kampen mot dei rå laksekreftene varte i ein halvtime.

Trudde på fiskelukke

Henning Langeland trudde på fiskelukka då han måndag kveld klatra opp i eit tre og såg to fiskar i ein høl. Ved halv to-tida beit det på ein laks på seks-sju kilo.

Lenger nede i elva fekk også Finn Berge ein flott laks. Han fortel det førebels er blitt fangst i nedre og midtre del av elva. Han minner elles om at han har bede om å få inn fangstrapportar frå alle fiskarane som i løpet av natta har vore i aksjon i Eidselva.