Hopp til innhold

Legg Simon-saka fram for statsministeren

Støttegruppa for dei to eritreske flyktningane Simon og Fkadu Thaye får i dag møte statsministeren når han gjestar Florø.

Simon og faren Fkadu Thaye på Tanum

ER I ROMA: Simon og faren Fkadu Thaye.

Foto: Anita Uberoi / NRK

Hollevik

HAR IKKJE GITT OPP: Kåre Leif Hollevik i støttegruppa for Simon og faren.

Dei to flyktningane får ikkje behandla asylsøknaden sin i Norge og vart i vinter sende tilbake til Italia for andre gong.

Møtes på flyplassen

Saka har skapt sterkt engasjement i Florø der 10 år gamle Simon har blitt integrert for på skulen etter til saman to år i byen. Når statsminister Jens Stoltenberg kjem til Florø, skal han møte Kåre Leif Hollevik som leiar støttegruppa.

– Støttegruppa har får ei kort stund på flyplassen når statsrådane kjem til å leggje fram Simon si sak. Vi vil leggje vekt på at Simon er blitt eit symbol i Norge på born som har fått krenka sine grunnleggjande rettigheiter. Vi be statsministeren om at ein tek imot fleire som har vore innom landa som slit med å innfri Dublin 2-konvensjonen, spesielt Italia og Hellas, og gir UDI og Utlendingsnemnda utvida mandat til å vise skjønn i desse sakene, seier Hollevik til NRK Sogn og Fjordane før møtet.

Kom attende etter utvising

Etter først å ha blitt utvist frå landet, tok far og son seg i fjor haust attende til Norge. Etter å ha kome illegalt til landet, gjekk familien først i kyrkjeasyl i Florø kyrkje, før dei fekk mellombels opphaldsløyve.

Tildegare i år avviste Utlendingsnemnda å handsame søknaden, og viste til at det er Italia, som var det første Schengen-landet dei to kom til, som skal handsame asylsøknaden i tråd med den såkalla Dublin-avtalen.

Bur i leir med berre vaksne

Støttegruppa meiner den vesle familien ikkje får den hjelpa dei har krav på i Italia.

Dei siste månadene skal Simon og faren ha budd i ein flyktningeleir i Roma.

– Dei sit i ein vaksenleir på femte uka og bur på eit 12-mannsrom. Det er ikkje born i leiren, Simon får ingen skulegang. Det er ikkje lys i tunnelen, seier Hollevik.

Fleire aksjonsgrupper står klare

Under besøket til dei raudgrøne står fleire interessegrupper klare til å fremje sine bodskap.

På Florø lufthamn vil regjeringstoppane bli møtt med protestar frå Bondelaget i fylket, og i Solund står bebuarar på Fedje klare til å vise kva dei meiner om at regjeringa har utsett hevinga av det tyske ubåtvraket som inneheld kvikksølv like utanfor fjæresteinane på øya i Nordhordland.