Hopp til innhold

Køyrde utfor 30 meter høg skrent

Ei kvinne er frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter at ein personbil har køyrt utfor ein bratt skrent i Selje kommune.

Trafikkulykke i Selje

PASSASJERSIDA TOK STØYTEN: Førsida var så godt som inntakt etter ulykka. Sjåføren som var aleine i bilen kom seg ut på eigahand.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Trafikkulykke i Selje

TOTALVRAK: Personbilen, ein Toyota Auris av nyare dato, fekk hard medfart på veg ned den bratte skråningen.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Trafikkulykke i Selje

SKARP SVING: Her bar det utfor kanten.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Trafikkulykke i Selje

LANDA ATTMED VEG: Til alt hell kom folk raskt til frå husa like ved.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Bilen har kome køyrande frå Vågsøy i retning Selje. I ein krapp sving har det bore rett utfor ein skrent, opplyser politibetjent Roger Gundersen til NRK Sogn og Fjordane på ulykkesstaden.

Personbilen landa om lag 30 meter nedanfor hovudvegen og har gått kast i kast før den la seg til ro like ved ein lokal veg som går til eit hytteområde.

– Kvinna som var aleine klarte å ta seg ut av bilen på eigahand, opplyser Gundersen.

Då hjelpemannskapa kom tid staden var den kvinnelege sjåføren teken hand om av folk som hadde vore vitne til ulykka.

– Heldigvis har krattet i skråningen teke av litt for støyten på bilen si ferd ned skråningen, seier Gundersen.

Ulykka skjedde like før klokka 16, på fylkesveg 618 ved Seljeneset om lag ein kilometer forbi Flatraket i retning Selje.

Klokka 21 søndag kveld opplyser AMK-sentralen i Førde at biføraren, ei 61 år gammal kvinne, har moderate skader etter ulykka. Kvinna får intensivbehandling ved Førde sentralsjukehus.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.