Hopp til innhold

Slik får du sølvet skinnande blankt

Har du ikkje brukt bunanden sidan i fjor? Er sølvet brun-svart og stygt? Fortvil ikkje. Her eksperten sine råd dagen før dagen.

Bunadssølv

RESULTATET: Slik kan sølvtøyet ditt sjå ut, etter to minutts innsats.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Gro Ravnestad og Henning Brændmo

RASK PROSESS: Henning Brændmo viser NRKs Gro Ravnestad korleis ein raskt dyppar sølvtøyet ned i reinsemiddelet, før ein like raskt skyller det i vartmt vatn.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Bunadssølv

FØR: Slik såg bunadssølvet ut før pussing.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Bunadssølv

VATN OG REINS: I den eine skåla er det sølvreins, den

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Bunadssølv

TØRK: Etter ein rask omgang med reinsing og skylling, må sølvet tørkast kjapt for å unngå vassmerker.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Bunadssølv

BLANKT: Bunadssølvet er klart til 17. mai.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Sølvreins

MIDDELET: Gullsmed Henning Brændmo svergar til sølvreins.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det manglar ikkje på kjerringråd oppunder 17. mai. Råda er mange: Vatn med Zalo, Sun Light, salmiakk, salt og aluminiumsfolie...

Men det fins ein langt enklare og raskare måte som garantert gir deg skinnande blankt bunadssølv på 17. mai.

Eit par sekund med sølvreins

– Kjerringråda kan nok fungere til ein viss grad, men er sølvet veldig mørkt og oksidert, så må ein nok ha flytande sølvreins for å få vekk oksiden som er komen på, seier gullsmed Henning Brændmo i Førde.

NRKs Gro Ravnestad fekk eksperthjelp då ho skulle førebu sølvet på sin Nordfjord-bunad til nasjonaldagen.

Utstyrt med to skåler, den eine med varmt vatn - den andre med flytande sølvreins, og ein koppehandduk gjekk gullsmeden laus på bunadssølvet.

– Ein dyppar sølvet raskt i sølvrensen. Det skal ikkje liggje, men berre vere oppi rensen eit par sekund. Deretter skyller ein sølvet i reint, varmt vatn omgåande, og tørkar det med ein mjuk koppehandduk, forklarer Brændmo.

Det heile er over på nokre få sekund, og resultatet er skinnande blankt.

Men pass på...

Men det gjeld å halde tunga beint i munnen:

– Let ein sølvet liggje for lenge i sølvrensen, vil det setje spor og virke mot si hensikt. Sølvet blir stygt. Derfor er det viktig å skylle med mykje varmt vatn. Og det må tørkast fort, så det ikkje blir vassmerke på sølvet, forklarer gullsmeden.

Mange svergar til å bruke kalk i vatnet når ein pussar bundassølvet, men dette er ikkje å tilrå, skal ein tru eksperten.

– Resultatet kan fort bli kvite ringar på sølvet, og då er ein jo like langt, seier han.

Skikkeleg sølvreins får derimot kjøpt hos gullsmedar og enkelte daglevareforretningar.

Altenativet er pusseklut

– Kva om ein ikkje har sølvreins i huset, og 17. mai nærmar seg med stormskritt?

– Då bør ein bruke pusseklut, viss ein har det. Men problemt er at viss sølvet er forgylt, og ein pussar mykje, så pussar ein bort forgyllinga òg. Derfor kan pusseklutar vere litt skumle, åtvarar Brændmo.

Han anbefaler å bruke sølvreins på det meste av bunadssølvet, også sølvbeltet.

– Då tek ein av alt sølvet frå skinnbeltet, og pussar på same måte. Normalt skal det vere ei snor bak på lærbeltet som ein løyser opp og får av sølvet. Men dette tek tid og du bør kanskje ikkje begynne ein time før folketoget.

Unnataket er bunadslommene

Sjølve skinnet bør du derimot vere forsiktig med.

– Det kan bli stivt og stygt i kontakt med reins og vatn. Derfor bør ein ta av sølvet, seier gullsmeden.

Éin del av bundadssølvet bør ein berre bruke pusseklut på, skal ein tru Brændmo: Bunadslommene.

– Desse sit fast i bunaden, så her bør ein nytte pussekluten så ikkje stoffet rundt blir stygt. Men trøysta når det gjeld bunadssølv er at uansett kor svart og stygt det måtte vere, så kan det alltids ordnast, trøystar Henning Brændmo.

Han har hatt travle dagar før 17. mai, men sjølv har han ikkje tenkt å kle seg i bunad og sølv.

– Eg har nok med søljene før 17. mai...