Hopp til innhold

Vegstenging stoppar turistbussar

Turistnæringa i Indre Nordfjord fryktar konsekvensane når fylkesveg 60 Olden - Innvik blir stengd 3,5 timar kvar føremiddag.

Vegen Olden-Innvik

ANLEGGSARBEID: Fylkesveg 60 Olden - Innvik stengjer på dagtid. Arkivfoto

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det har i ei årrekkje vore eit krav at vegen må rustast opp, men når utbetringa av ein mindre parsell no er i gang, oppstår det problem. Fram til 9. juli blir vegen stengd i lange strekk.

– Mange turistar kjem til å køyre utanom den store turistattraksjonen Briksdalen, seier Per Briksdal til firda.no.

Han er eigar av Briksdalsbre Fjellstove og har normalt besøk av 50 busslaster med turistar kvar einaste dag.

– Heile næringa vil ha betre veg, men så lang stenging på dagtid heilt fram til fellesferien er ikkje bra. Eg skulle ønskt arbeidet vart lagt til kveld og natt, men vegvesenet held fast på sitt, seier Briksdal.

Han fryktar mange turistbussar vil velje andre ruter.

Også ved fylkets største overnattingsstad, Hotel Alexandra i Loen, er ein uroa over situasjonen.

– Tysdag var representantar frå næringa og Statens vegvesen i møte for å drøfte problemet. Næringa ønskjer primært at arbeidet blir lagt til kveld og natt, men dette vart avvist av vegvesenet. Men partane vart samde om å drøfte erfaringane etter 14 dagar, seier hotelldirektør Richard Grov til firda.no.