Hopp til innhold

Javisst, vi er friskare enn andre

Ei undersøking frå 2007 syner at folk i Sogn og Fjordane har omtrent halvparten så mange psykiske lidingar som i Oslo.

Medisinbruk (Illustrasjonsfoto)

BRUKAR MINDRE - ER FRISKARE: Tala frå Reseptregisteret passar godt med funna i undersøkinga til professor Einar Kringlen: Folk i Sogn og Fjordane har betre psykisk helse enn andre stader i landet.

Foto: Sinar 2

- Undersøkinga passar veldig godt med tala som viser at bruken av sovemiddel og beroligande middel er lågast i Sogn og Fjordane, seier professor og psykiater Einar Kringlen.

Best helse i Sogn og Fjordane

Ferske tal frå Reseptregisteret syner at folk i Sogn og Fjordane brukar mindre piller for å få sove eller for å dempe angst enn andre stader i landet.

- Har vi rett og slett betre mental helse her i fylket?

- Ja, det stemmer etter våre undersøkingar i forhold til Oslo og andre fylke. Og det gjeld ikkje berre psykisk helse, men også somatisk helse, seier Kringlen.

- Tala passar godt saman

I Sogn og Fjordane meiner legane at dei store skilnadane i bruken av slike medikament først og fremst skuldast ein restriktiv praksis.

Men ting kan tyde på at forholdet er meir samansett enn som så.

- Vi kan ikkje seie at funna våre har eit klart direkte forhold, men her verkar det som tala passar godt saman, seier Einar Kringlen.