Hopp til innhold

Opnar for framleis sengepostar

Styreleiar Clara Øberg er villig til å vurdere framleis sengepostar i regi av Helse Førde på Nordfjoreid og i Lærdal.

Jon Bolstad og Clara Øberg på styremøte i Helse Førde

BER BOLSTAD REKNE: Styreleiar Clara Øberg har bede administrasjonen og direktør Jon Bolstad om å rekne på kva det vil koste å halde fram med sengepostar på dei to lokalsjukehusa i fylket.

Foto: Bård Siem / NRK

Anne-Grete Strøm-Erichsen

VERNAR LOKALSJUKEHUSA: Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen har vekt oppsikt med sitt utspel i Stortinget. Onsdag kjem ho til Lærdal sjukehus.

Foto: Anders Brekke / NRK
Lærdal sjukehus

HELD FRAM? Helse Førde ønskjer at kommunehelsetenesta tek over drifta av ein del av sengene ved Lærdal sjukehus. No kan løysinga bli at Helse Førde held fram for eiga rekning.

Foto: unknown / NRK
Nordfjord Sjukehus

HELD FRAM? Også ved Nordfjord sjukehus kan det bli aktuelt at Helse Førde driv vidare med sengeposten som var tiltenkt overført til kommunane, også etter 2012.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Heilomvendinga kjem etter helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen (Ap) sine utsegner i Stortinget om at ingen lokalsjukehus skal gjerast om til lokalmedisinske senter.

LES OGSÅ: Vernar sjukehusa i oppsiktsvekkande utspel

Har snakka med helseministeren

Overfor NRK Sogn og Fjordane vedgår Øberg at statsråden si uttale under handsaminga av samhandlingsreforma i Stortinget måndag, kom brått på.

– Med det samme vart eg overraska, men no har eg snakka med ministeren. Det er ingen uovereinskomstar mellom oss når det gjeld oppfatninga av det arbeidet vi gjer, seier Øberg.

Ber administrasjonen rekne på sengepostar

Men ting blir likevel ikkje som Øberg og styret i Helse Førde har tatt høgde for i sitt utkast til omstrukturering av sjukehusa i fylket. Ei omlegging som la til grunn endringane i helsevesenet som følgjer i kjølvatnet av den nye reforma.

– Samhandlingsreforma tek noko lengre tid enn ein hadde tenkt, og den vart kanskje ikkje så klar som vi hadde håpa. Helse Førde og Helse Vest har i dag hatt eit fellesmøte i Førde. Der har vi bede administrasjonen om å rekne på kva det vil koste å drive ein sengepost vidare i spesialisthelsetenesta sin regi på kvart av lokalsjukehusa. Det betyr at det vil bli noko annleis framdrift i dette arbeidet enn vi først hadde tenkt, seier Øberg til NRK.

Kven tek rekninga?

Ho understrekar at Helse Førde vil trenge meir pengar.

– Det er klart at dette vil koste. Og vi har sagt til eigaren vår Helse Vest i dag at no vil vi i dialog med dei. Og då er det grunn til å tru at Helse Vest går vidare til departementet. Dette vil bli ei dyrare løysing som gjer at vi ikkje kjem i mål med den økonomien vi hadde sett føre oss, seier Øberg som er pålagt av Helse Vest å spare 150 millionar kroner på Helse Førde sitt budsjett.

2012 blir 2020

Dermed ligg det i korta at Helse Førde er innstilt på å drive vidare med sengepost både i Lærdal og på Nordfjoreid - i strid med det helseføretaket i utgangspunktet hadde lagt opp til. Planen var at ein i 2012 skulle avvikle Helse Førde sine sengepostar, men at kommunal helseteneste framleis skulle ha senger på dagens lokalsjukehus.

Øberg gir likevel ikkje opp tanken. Innan 10 år skal ikkje Helse Førde lenger ha sengepostar i regi av spesialhelsetenseta andre stader enn ved sentralsjukehuset i Førde.

– Målet er det samme, men her vil det ta litt lengre tid, på grunn av at samhandlingsreforma ikkje er komen så langt som ein hadde tenkt. Men målet i 2020 er for oss det same, fastslår Øberg.

Torsdag deltek helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen på eit helsemøte i Årdal samfunnshus i regi av Arbeidarpartiet. Statsråden skal også på synfaring ved Lærdal sjukehus onsdag, og tilsvarande på Nordfjord sjukehus torsdag.