Vann landevegsløp med tre sekund

DUELL: Joachim Brøndbo frå Steinkjer i duell med Genale Afework frå Fagernes.
Foto: Robert Jan LeerinkDet vart ein spennande spurt då det nærma seg mål i Esefjorden Rundt.
Publisert 01.05.2010 20:45.
- Kommentarer
- Skriv ut

VINNAREN: Joachim Brøndbo frå Steinkjer kom først i mål.
Foto: Robert Jan Leerink
BESTE KVINNE: Martine Wolff Nesse frå Balestrand
Foto: Robert Jan LeerinkJoachim Brøndbo frå Steinkjer og Genale Afework frå Fagernes hadde lege i tet i heile det 8, 5 kilometer lange løpet i Balestrand.
- Det var avgjort på dei siste 100 metrane, då spurta Brøndbo ifrå og vann med tre sekund, seier løpsleiar Nils-Magnar Feten.
14-åring vann dameklassen
Brøndbø sprang inn til tida 26:26, og like bak kom Genale med 26:29. Dameklassen vart vunnen av 14-åringen Matine Wollf Nesse med tida 36:31.
Esefjorden Rundt er eit landevegsløp som går på asfalt og utan særleg høgdeskilnad. I år vart løpet arrangert for 31. gong.
Deltakarrekord
Feten seier at det var bra ver i dag, men på grunn av nordavind vart det ingen løyperekord.
– Men også i år sette vi deltakarrekord. Det var heile 942 deltakarar med, 40 fleire enn i fjor. Det var 76 som stilte i eliteklassen og det er ein stor auke frå i fjor.
Resten av deltakarane er mosjonistar som går løpya.
– Bortsett frå dei aller minste som brukar sykkel og sparkesykkel.
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Har skapt sin eigen arbeidsplass
Bjarne Lerum Bilmuseum