Srilogarajah er einsam svale

Srilogarajah Pasupathy er einsam svale som politikar med innvandrarbakgrunn i Sogn og Fjordane.
Foto: Kristine Ramberg Aasen/NRKInnvandrarane er nærast fråverande i politikken i Sogn og Fjordane. Unntaket er Srilogarajah Pasupathy i Eid.
Publisert 26.04.2010 13:31. Oppdatert 26.04.2010 14:32.
- Skriv ut
Av 6 000 innvandrarar i fylket, har kring halvparten røysterett. Likevel er Srilogarajah Pasupathy (Ap) einaste faste kommunestyrerepresentant med innvandrarbakgrunn.
- Alle kjem og helsar på meg, og tykkjer det er veldig kjekt med ein kommunestyrepolitikar som har innvandrarbakgrunn. Alle i kommunestyret støttar meg, ler 46-åringen.
- Kvifor ikkje?
Etter valet i 2007 auka tal innvandrarar i kommunestyra på landsbasis. I fleire storkommunar er ikkje vestlege-innvandrararar overrepresentert i høve tal røysteføre. I Sogn og Fjordane er det motsett.
Her har det aldri vore politikarar med innvandrarbakgrunn på Fylkestinget.
- Vi bur her, vi er integrert. Borna våre, og andre born med innvandrarbakgrunn tek legeutdanning og ingeniørutdanning. Men kvifor ikkje politikk? Eg plar seie at det er noko alle kan vere med på, seier han.
- Må skjerpe seg
Pasuphaty kom til Eid i 1987 på grunn av borgarkrigen på Sri Lanka. Tobarnsfaren har vore innom ei rekkje jobbar, men det var på Bjørlo treverk han for første gang vart oppmoda til å gå inn i politikken. No sit han for Arbeidarpartiet i kommunestyret.
Også ordføraren i kommunen gjekk aktivt ut og oppmoda Pasuphaty.
- LES OGSÅ: - Vi treng politiske førebilete
Sonja Edvardsen (Ap) er overraska over at kommunen er den einaste med ein fast kommunestyrepolitikar med innvandrarbakgrunn.
- Her må kommunane i Sogn og Fjordane skjerpe seg. Dette kan vi ikkje leve med framover. No skal vi til på ein ny valkamp, og då må det vere eit mål å få inn eit fleirkulturelt politisk miljø, seier ho.

IKKJE GODT NOK: - Vi har ikkje gjort ein god nok jobb med å integrere innvandrarar i politikken, seier fylkesmann Oddvar Flæte.
Foto: Rune Fossum/NRKSkeptisk til kvotering
- Det er synd at vi ikkje i større grad har klart å integrere innvandrarane i politikken. Eg trur noko av nøkkelen er at vi alle må ta ansvar for å få med innvandrarar i lag og organisasjonar og - etterkvart også i politiske parti. Dei har mykje å tilføre oss, og det vil gje eit rikare samfunn enn det vi har i dag, seier fylkesmann Oddvar Flæte.
- Kan det vere aktuelt å kvotere innvandrarar inn i partia?
- Nei, eg er skeptisk til kvotering i mange samanhengar. Vi får heller ta oss sjølve i nakken, og så går dette seg til, seier han.
- Har vi gjort nok for å integrere innvandrarane?
- Nei, det har vi openbert ikkje, når resultata er så dårlege, seier Flæte.
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Har skapt sin eigen arbeidsplass
Bjarne Lerum Bilmuseum