Publisert 23.04.2010 14:21.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det var kanskje fleire som måtte sjekke kalenderen ein gong til når dei såg ut vindauget i dag tidleg. Våren ser ut til å vere skremt vekk av Kong Vinter atter ein gong.
Laga palme
I hagen til Håkon Eikerol i Fjaler er det litt tropisk stemning trass i snø og slaps. Han har nemleg laga sin eigen palme av ei gammal gran.

LAGA SJØLV: Håkon Eikerol ville ha palme i hagen, og det fekk han.
Foto: Mari Langva/NRK– Eg har tenkt på det lenge, og i går kveld fekk eg endeleg kutta av toppen på den 60 år gamle grana. Etterpå feira vi med champagne, fortel Eikerol.
Han synest grana er mykje finare som palme. Fritidsbustaden på Eikerol skal han no døype om til Palmehagen.
Betre vêr i morgon
For dei som ikkje har sin eigen palmehage er det kanskje vanskelegare å kome i vårstemning når snøen dominerer landskapet igjen.
Godt nytt er det difor at meteorolog Rasmus Myklebust melder om sol og varmare vêr allereie i morgon.
- Laurdag ser det ut til å bli ein fin dag med mykje sol og stigande dagtemperatur. Men det kan bli kaldt om natta, då det kan bli klårvêr, seier Mylkebust.























Den såkalla våren















Sol og sommar i fylket