Hopp til innhold

Luftrommet ope - men flaug ikkje

Over heile Norge er luftrommet ope igjen, men Widerøe innstilte i morgontimane alle sine flygingar til og frå Oslo.

Widerøe

PÅ BAKKEN: Mange av Widerøe sine flygingar til og frå Oslo var fredag morgon innstilte. Flygingane kjem etter alt å dømme i gang som normalt utobver dagen.

Foto: Thomas Sørensen / NRK

Også i morgontimane fredag var det ein del innstilte flygingar frå flyplassane i Sogn og Fjordane.

Luftrommet over heile landet er ope for lufttrafikk, men Widerøe valde å ikkje flyge til og frå Oslo fordi det på Gardermoen enno var litt oske i lufta - og sidan torsdag har Widerøe ikkje fått lova av flyfabrikanten å flyge her.

Utover føremiddagen venta Widerøe at flytrafikken frå Førde og Sogndal skal gå som normalt resten av dagen.

Alle DAT sine flygingar frå Florø har heile dagen gått som normalt.

- Flyforbodet fekk konsekvensar også for flyging til og frå andre stader som Bergen, då det handlar om å ha fly og crew i rett posisjon, seier informasjonssjef Siw Sandvik i Widerøe.

Ho oppmodar passasjerane til å følgje med på nettstaden til Widerøe.