Hopp til innhold

- Dei aksjonerer for eit kortare liv

Erik Fosse meiner sentralisering av sjukehustilbodet er nødvendig.

Erik Fosse

FOR SENTRALISERING: Erik Fosse meiner den teknologiske utviklinga tvinger fram sentralisering av sjukehustilbodet.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Fosse går hardt ut mot sjukehusaksjonistar i ein artikkel på Vårt land sine nettsider.

– Dei går i fakkeltog for retten til eit kortare liv, seier kirurgen.

Fosse er overlege ved Intervensjonssenteret på Rikshospitalet, som utviklar og prøver ut ny teknologi for sjukehus.

– Den teknologiske utviklinga tvinger fram sentralisering, meiner Fosse.

– Viktig med nærleik

Om det er teknologi eller nærleik som er viktigast, stridast dei lærde.

På Fylkesnytt i dag tidleg kunne vi høyre at landets fremste ekspert på slagbehandling meiner lokalsjukehusa kan vere viktige for å sikre rask behandling for slagpasientar.

– Pasientane treng behandling innan tre timar, og helst mykje før. Dei fleste lokalsjukehus i Noreg har det utstyret som trengs for å utføre slik behandling, meiner professor Bent Indredavik.

Nytt håp for lokalsjukehusa

Indredavik har leidd arbeidet med å lage nye nasjonale retningslinjer for slagbehandling, og tidsavgrensinga på tre timar gir nytt håp for lokalsjukehusa som står i fare for å bli lagt ned.

Helse Førde brukar nemleg 4,5 timar som makstid og vil sentralisere behandlinga til sentralsjukehuset i Førde. Det fortel fagdirektør Hans Johan Breidablik.

– Farlege lokalsjukehus

Erik Fosse meiner på den andre sida at avanserte operasjonar må sentraliserast for å vere trygge. Han ser på kampen for lokalsjukehusa som kommunepolitikk heller enn helsepolitikk.

– Vi treng ein styringsmodell som klarer å skjere gjennom det veldige behovet og presset fra kommunane og dei medisinske og faglige omsyna på den andre sida, seier Fosse til Vårt Land.

I denne diskusjonen står han på motsett side av kollega Mads Gilbert, som har kjempa side om side med sjukehusaksjonistane, blant anna i Debatten 8. april på NRK1.

Erik Fosse og Mads Gilbert

UEINIGE: Mads Gilbert har engasjert seg i sjukehusdebatten på motsett side av kollega Erik Fosse.

Foto: Nasser Nasser / AP