Hopp til innhold

Sekund frå å bli treft av steinras

Janne Fredheim Klaesson var i morgontimane fredag berre sekund frå å bli treft av steinras på riksveg 60 mellom Olden og Innvik.

Steinras på Olden - Innvik

Bilistane rydda unna steinane dei kunne slik at trafikken fekk kome forbi.

Foto: Magnar Myklebust

Fredheim Klaesson var på veg frå Innvik mot Olden då raset kom i 09.30-tida. Ho har aldri tidlegare tenkt på at det kan gå ras på staden.

- Eg stogga for ein lastebil, og då den hadde passert, var steinane komne ned 50-60 meter lengre framme. Lastebilen var nok akkurat kome forbi då raset gjekk, fortel ho.

(Saka held fram under biletet)

Her trefte steinblokka

Her trefte steinblokka i vegbana. - Om det ikkje var store mengder stein som kom ned, så ville det vore fatalt om nokon av dei hadde råka ein bil, seier Jogeir Agjeld.

Foto: Jogeir Agjeld

- Våga ikkje stå der

Sjølv om ho ikkje var nær ved å bli treft av steinane, var det ei skremmande oppleving. Raset kom like etter "Ugla", ved Knarrurda - eit namn den fekk etter ei stor blokk som tidlegare har losna og hamna i fjorden.

- Eg snudde bilen og køyrde tilbake til Ugla. Skulle det komme meir, så ville eg ikkje stå der, fortel Fredheim Klaesson.

- Kunne gått gale

Bilistar som kom til flytta på steinane for at trafikken skulle komme forbi. Dei største blokkene vart liggande att i vegkanten. Jogeir Agjeld fortel om fleire små og store store, ei på truleg fleire hundre kilo, som har losna frå høgt oppe i fjellsida.

Steinblokk

Denne steinblokka losna truleg frå det lyse partiet i fjellsida. Steinen åleine er truleg på fleire hundre kilo.

Foto: Jogeir Agjeld

- Hadde det vore ein bil der, så hadde det gått gale. Det er fleire hakk i vegbana. Dette er nok ei stadfesting på at Olden-Innvik er ein rasutsett veg, seier han.

- Vil komme meir

- Klart det var skremmande når det kjem slike ras, legg Fredheim Klaesson til.

I midten av mars vart vegen stengd etter eit steinras i anleggsområdet . Agjeld trur ikkje raset i dag blir det siste. Vegstrekka er del av hovudvegen mellom Bergen og Trondheim. Med stillstand på flyplassane i Norge, er det no fleire reisande på vegen enn normalt.

- Det har kome ned mykje mindre stein i vegbana. Fjellet i heile området er dårleg og porøst, og fjellet ligg på utgli. Her vil det komme meir, fryktar han.

Steinras Knarrura

Folk frå Mesta var fredag føremiddag på rasstaden.