Hopp til innhold

Telefonstorm til tom flyplass

Fortvila reisande lurer på kva dei skal gjera etter at alle flyavgangar til og frå fylket vart innstilt på korgonkvisten

Bringeland lufthamn

Bringeland lufthamn er tom

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

- Det har vore jamt trykk på telefonen sidan me opna klokka halv seks. Folk lurer på om flya går, i så fall når dei går, og om dei får att billettpengane, seier stasjonssjeg på Bringeland lufthamn Førde, Edvard Tefre.

Alt innstilt til klokka 12

Asken fra vulkanen Eyjafjallajökullen på Island

Oske frå vulkanen Eyjafjallajökullen på Island som no har nådd vestlandet

Foto: AP

Bringeland Lufthamn Førde har vore tom på morgonkvisten i dag ettersom alle fly til og frå fylket er innstilte . Grunnen er oske i luftrommet over Noreg etter vulkanutbrotet på Island onsdag morgon.

-Me har fått informasjon om at all flytrafikk er innstilt til klokka 12, så må me ta det derifrå, seier Tefre.

Kom seg ikkje til Syden

Fem-seks personar måtte returnera frå Bringeland i dag tidleg då dei kom til flyplassen utan å ha fått med seg at flya var innstilte. To av dei skulle til Syden.

- Dei to var skuffa, men innsåg realitetane og tok det pent.

Sender melding til reisande

Edvard Tefre

Edvard Tefre, stasjonssjef på Bringeland lufthamn Førde

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Leiinga ved Bringeland lufthamn har sendt ut melding til alle som skulle med flyet til Bergen klokka 0915 at dette er innstilt.

- Me er på telefonen heile tida. No vert det sendt ut meldingar til alle som skulle med fly klokka 11 at dette førebels er utsett til klokka 12. Så får me sjå om me får lov å fly klokka 12.