Hopp til innhold

Hydro med brev til Helse Førde

Leiinga ved Årdal metallverk engasjerer seg i sjukehusstriden til fordel for Lærdal sjukehus.

Hydro Årdal

FARE FOR ULYKKER: Tilsette ved Hydro utfører dagleg farlege arbeidsoperasjonar. Då er vissa om at eit sjukehus er nær, viktig, meiner leiinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Olaf Wigstøl

FABRIKKSJEFEN: Olaf Wigstøl og personalsjef Kari Bjørg Måren har underteikna brevet til Helse Førde.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Den lokale Hydro-leiinga har sendt ein uttale om framlegget til strategiplan som Helse Førde har ute på høyring.

Les også:

Oppmodar på det sterkaste

I uttalen slår Hydro fast at eit lokalsjukehus med akuttmottak i nærleiken av verksemda er viktig, skriv Sogn Avis på nett.

– Hydro i Årdal oppfordrar på det sterkaste til at lokalsjukehuset i Lærdal må bestå. Vi ber om at helseføretaket og Regjeringa tek desse signala på alvor, heiter det i uttalen som er underteikna av fabrikksjef Olaf Wigstøl og personalsjef Kari Bjørg Måren.

Treng rask hjelp

Hydro-leiinga viser til at verksemda husar potensielt farleg prosessindustri, og er klassifisert som ei Klasse 1-bedrift med stor fare for ulykker.

– Men dersom ulukka skulle vere ute, er vissa om rask og god hjelp ein absolutt føresetnad. Dette gjeld ikkje berre for våre tilsette, men òg for innbyggjarane i Årdal, heiter det i uttalen.

Verksemder er ikkje inviterte til å delta i høyringsrunden.