Hopp til innhold

– Tusentals pasientar må til Førde

Blir lokalsjukehusa omgjort til lokalmedisinske senter, kan 1300 pasientar måtte ta vegen fatt til Førde.

Ambulanse

UT PÅ VEGEN?: 1300 pasientar, berre ved medisinsk avdeling, må legge ut landevegen mot Førde, viss lokalsjukehusa vert nedgraderte, hevdar overlege.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det trur overlege René Kløtz ved Nordfjord sjukehus.

7000 fekk akutthjelp

Tal frå Helse Førde viser at 7000 pasientar i 2009 fekk øyeblikkeleg hjelp ved dei to lokalsjukehusa i fylket. 4000 av desse førte til innleggingar. I tillegg fekk 3000 hastehjelp ved poliklinikkane.

Blir lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid nedgraderte til lokalmedisinske senter, vil dette føre eit firesifra tal pasientar ut på landevegen, tur Kløtz.

– Helse Førde må rekne med at det blir 1300 fleire innleggingar berre ved medisinsk avdeling på Førde sentralsjukehus pr år.

Det betyr eit dårlegare tilbod til pasientane, hevdar overlegen.

Tal innleggingar som øyeblikkeleg hjelp

Lokalisering

Medisin

Kirurgi

Totalt

Sum

7 515

5 935

13 450

FSS

4 696

4 686

9 382

NSH

1 555

932

2 487

LSH

1 264

317

1 581

Tal innleggingar som øyeblikkeleg hjelp i 2009.

Fryktar lange transportar

Ambulansesjåførar

Illustrasjonsfoto

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Lange transportar, og kanskje vanskelegare å få komme til. Eg veit ikkje om vi har så mykje dårlegare kvalitet på det vi tilbyr enn sentralsjukehuset, så i alle fall blir det vanskelegare for pasientane, seier Kløz.

Legane på Eid meiner akuttberedskapen ved lokalsjukehusa blir undervurdert i den tilspissa sjukehusdebatten. Kløtz vedgår at dei fleste alvorleg sjuke blir sendt vidare til Førde eller større sjukehus, men meiner mange likevel har stor nytte av eit lokalt tilbod.

– Ein veldig stor del av pasientane vi får er multisjuke, gamle pasientar som blir akutt dårlege. Dette er den store gruppa på alle indremedisinske avdelingar.

Øyeblikkeleg hjelp poliklinikkar

Lokalisering

Tal konsultasjonar

Totalt

9 200

Eid

2 000

Lærdal

1 200

Førde

6 000

Tala gjeld for poliklinikkane medisinsk, ortopedisk og gynekologisk/føde.

Fagdirektør: – Mange vil få hjelp på Eid og Lærdal

Hans Johan Breidablik

FOR: Fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde trur mange også i framtida vil kunne få hjelp nær heimen i Nordfjord og Indre Sogn.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Kristian Humborstad

IMOT: Seksjonsoverlege Krisian Humborstad i Helse Førde fryktar lange pasientreiser til Sunnfjord.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, står fast på synet om at lokalsjukehusa bør gjerast om til lokalmedisinske senter. Han seier ein monaleg del av dagens pasientar vil kunne få hjelp ved dei nye sentra. Kor mange er uvisst.

– Det vil vere veldig avhengig av kva fagnivå ein maktar å få til. Får ein til eit godt fagnivå med stabile og kompetente legar tilknytt eit slikt senter, så trur eg at mange pasientar vil kunne få hjelp der, også når det gjeld innleggingar, seier Breidablik.

Men dei tilsette på Eid nektar å slå seg til ro med tanken på lokalmedisinske senter. Blant dei er ortoped og seksjonsoverlege Kristian Humborstad ved Nordfjord sjukehus:

– Det å ha eit akuttilbod. Det å kunne handtere enkle ortopediske problem, infeksjonar, enkle brudd eller mer kompliserte brot, det er godt å ha for eit lokalsjukehus. Det er eit godt tilbod til dømes til mange eldre som skader seg. Dei slipp å reise til Førde etter eit fall på golvet, meiner Humborstad.

Telemedisin

Breidablikk meiner derimot at mange også vil kunne få slik hjelp i framtida - på poliklinikkar i Eid og Lærdal, bemannna av spesialistar som dreg ut frå Førde.

– Då vil svært mange kunne få denne hjelpa lokalt. Elles trur eg vi i framtida i langt større grad vil ta i bruk telemedisinske løysingar, som gjer at pasient og spesialist kan kommunisere, sjølv om dei sit på avstand, seier fagdirektøren.