Hopp til innhold

Sprang 100 km på vel sju timar

Helge Hafsås sikra seg eit suverent NM-gull etter over sju timars blodslit under Bergen Ultra.

Helge Hafsås i einsam majestet

NM-GULL: Helge Hafsås sprang i ensam majestet det meste av dei 100 kilomerane under Bergen Ultra, som også hadde NM-status.

Foto: Arne Brunes

Då eit par av Norges beste løparar ikkje stilte til start, var det ingen som kunne måle seg med tempoet til Helge Hafsås frå Olden under laurdagens NM i ultraløp i Bergen.

Hafsås la bak seg dei 100 kilometrane på 7.17,23 - altså på godt og vel sju timar.

Andreplassen gjekk til Runar Gilberg, men med ein halv time svakare tid.

Per Olav Bøyum frå Syril tok sjetteplassen, og Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal vart nummer 12 på Ultra-distansen.

PS: Hafsås har tidlegare sprunge 100 kilometer på under sju timar. Han var regjerande norgesmeister på distansen også framfor helgas konkurranse.