26.05.2012

Jerv skoten i Luster

Sauebøndene i Sogn kryssar fingrane for at dyra skal få beite tryggare til neste år. For på fredag vart det skoten ei jervetispe i Fortunsdalen i Luster.

Jervetispa vart teken av dage ved hjelp av ei jervefelle rett før jul, og fellinga vart nok motteken som ein julepresang i seg sjølv for mange sauebønder. For jerven har gjort til at fleire sauebønder har sett seg nøydde til å slutte på grunn av dei store tapa.

Etter sauesankinga i haust mangla bøndene i området mellom Hafslo og Sogndalsdalen kring 80 dyr, og fann mellom 25 og 30 sauekadaver.

Minst to att

Men framleis er det minst to jervar igjen i traktene, og jegerane har ein vanskeleg jobb framfor seg. For jerven er ikkje lett å ta. Årsaka er at han vandrar over store område. Han kan kome seg frå ein kommune til ein annan i løpet av eit døgn. Det seier fjelloppsynsmann Einar Fortun. Men for kvar jerv som vert borte hjelper det på. Spesielt når det er ei tispe, seier han.