Hopp til innhold

LO-forbund trugar med kraftkrig

LO-forbundet IndustriEnergi trugar med å gå til søksmål mot Staten for å stogge salet av Elkem sitt kraftverk i Bremanger.

Leif Sande leder Industri Energi

Leiar i IndustriEnergi Leif Sande representerer 55 000 medlemer.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

I fjor haust kjøpte Sogn og Fjordane Energi, Tafjord Kraft og Sognekraft kraftanlegga kring Svelgen til ein prislapp på 1,7 milliardar kroner .

Ingen forpliktelsar

Milliardsalet likar forbundsleiar i IndustriEnergi, Leif Sande, dårleg. Til VG seier Sande at han fryktar for hardt utsette industriarbeidsplassar dersom dei nye eigarane ikkje forpliktar seg til å føre krafta attende til industrien.

- Vi meiner at krafta framleis skal brukast til industriell aktivitet i dei område den er tenkt brukt og at den ikkje går ut på den opne marknaden. Ingen av kjøparane har forplikta seg til å vidareføre dei konsesjonsvilkåra som var i utgangspunktet. Det er det vi ynskjer dei skal, seier han til NRK.

Fryktar for arbeidsplassar

Sande ventar no at konsesjonsvilkåra blir vidareførde og at regjeringa nektar å godkjenne salet dersom det ikkje er klare bindingar til industrien.

- Eg er veldig redd for at arbeidsplassar kan gå tapt innan smelteverksindustrien dersom ein ikkje får på plass ordningar som sikrar industrien vår kraft til konkurransedyktige vilkår, seier han til NRK.

- Ingen kommentar

Olje- og energidepartementet vil ovanfor VG ikkje kommentere trusselen om søksmål, eller når dei vil fatte avgjerd i saka.

- Det er per i dag vanskeleg å seie når saka blir avgjort. Førd det blir fatta avgjerd, kommenterer vi ikkje enkeltspørsmål til søknadane, seier statssekretær Sigrid
Hjørnegård (Sp) til avisa.