Hopp til innhold

Ringstad rettar skyts mot eige parti

Senterpartiet sin representant i Helse Førde-styret, Jorunn Ringstad, rettar kritikk mot eige parti i lokalsjukehussaka.

Jorunn Ringstad

Jorunn Ringstad tykkjer ikkje mykje om utspelet frå Senterpartiet om at helseministeren må stogge nedlegginga av lokalsjukehus.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Partiet ba i dag helseministeren stogge framlegg om å gjere lokalsjukehusa i Eid og Lærdal om til lokalmedisinske senter.

- Dei har vore med å bestemme råmene og styringsmodellen. Når dei reagerer på styringsmodellen, så tykkjer eg dei møter seg sjølv litt i døra, seier nestleiar, og tidlegare stortingsrepresentant for Sp, Jorunn Ringstad.

- Skal ikkje legge ned

Landet over står lokalsjukehus i fare for å miste akutt- og fødefunksjonar. I Sogn og Fjordane er protestane høglytte mot Helse Førde sitt framlegg. Også i regjeringa er det strid.

- Dersom det viser seg at store område får dårlegare akutt pasienttilbod, så må statsråden gå inn og styre politisk. Det skal ikkje leggjast ned lokalsjukehus i Norge, seier parlamentarisk leiar i Sp, Trygve Slagsvold Vedum.

- Må bestemme seg

Ringstad kritiserer utspelet og meiner regjeringspartia må bestemme seg for kva dei faktisk meiner, og deretter gje klare signal. Og avklaringa meiner ho må komme raskt.

- Slik eg ser det så må vi forholde oss til dei signala som vi får frå eigarane vår. Vi kan ikkje lytte til enkelte parti. Her må det vere eigarane som i første omgang er helse vest, men og signal som kjem frå fagstatsråden vår, helseministeren, seier ho.