Hopp til innhold

Til sjukehus etter frontkollisjon

Ein 24 år gamal mann er moderat skadd etter ei trafikkulukke på E39 mellom Sandane og Anda i Gloppen.

I denne bilen sat føraren fastklemd etter ulukka.

Føraren av denne personbilen sat fastklemd etter ulukka.

Foto: Aadne Gloppestad / Firda Tidend

Mannen vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter at han frontkolliderte med ein mjølkebil om lag to kilometer sør for ferjekaien på Anda.

- Pasienten er moderat skadd og blir sendt til intensivavdelinga, får NRK opplyst ved AMK.

Sat fastklemd

Tankbilen som krasja ved Anda.

Tankbilen var på veg nordover mot ferjekaien då ulukka skjedde.

Foto: Aadne Gloppestad / Firda Tidend

Personbilen var på veg sørover då den krasja med ein mjølkebil frå Tine, som var på veg nordover til ferjekaien Anda. Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 18. Politi, brannvesen, ambulanse og luftambulanse rykte ut til ulukkesstaden. Føraren av personbilen sat fastklemd etter samanstøyten.

- Tankbilføraren ser ut til å ha kome frå det utan fysiske skader, opplyser politiet.

Lange køar

I samband med påskeutfarten er det høvesvis stor trafikk på E39. Vegen vart heilt stengd i nær ein time etter ulukka og det danna seg lange køar på begge sider av ulukkesstaden. Like før klokka 19 vart vegen opna att for personbilar. Mellom køyretya som ikkje kjem forbi er Vestlandsekspressen på veg til Ålesund.

- Vegen vil stengje att no på grunn av opprydding og bilberging, opplyser Kjetil Molvær, vakthavande ved vegmeldingssentralen.

Kjelder på staden opplyser at vegen er venta rydda og opna for fri ferdsel kring klokka 20.30.

Trafikkulukke i Gloppen

Føraren av personbilen vart frakta til sentralsjukehuset i Førde etter trafikkulukka ved Anda.

Foto: Pål Mugaas Jensen