Hopp til innhold

I fengsel for seksuelle handlingar mot utviklingshemma

Mannen utøvde seksuelle handlingar mot den psykisk utviklingshemma kvinna. No ventar fengsel i ni månader.

Episoden skjedde i juli 2008, då mannen i 40-åra vart med heim til kvinna i 50-åra sin omsorgsbolig i Sunnfjord.

DNA-spor vart avgjerande

Dei to drakk alkohol, og Fjordane tingrett fann det bevist over ein kvar rimeleg tvil at tiltalte utøvde seksuelle handlingar mot kvinna. Ho er psykisk utviklingshemma, og det visst mannen om, heiter det i domspapira. Retten festa lit til kvinna sine forklaringar. Det vart også funne DNA-spor som støtta opp om kvinna si forklaring.

Tiltalte erklærte seg ikkje skuldig, men det trudde ikkje retten på. Han vart dermed dømd til ni månaders fengsel. I tillegg må han betala kvinna 50 000 kroner i oppreising.

Den same mannen vart også dømd til å betala 2194 kroner i oppreising til ei anna kvinne for å i mai 2008 dytta fleire gonger så ho mista balansen.