Sjukehusopprør i Lærdal

Kommunestyregruppene og partilaga i Lærdal går til opprør mot vedtaket om nedlegging av ortopedi-klinikken ved sjukehuset.
Publisert 11.07.2006 08:35.
- Skriv ut
Dei meiner at dette er eit strukturelt tiltak som på sikt vil føre til nedlegging av sjukehustilbodet i Sogn.
Ordførar Knut O. Aaretun i Lærdal seier at det no er heilt naudsynt med eit opprør mot vedtaket i Helse Førde.
- I tillegg til å kutte på ortopedisk så kuttar dei sengeplassar på medisin, tilbod som vi har bruk for i Sogn, seier han.
- Forvaltningsskandale

Knut O. Aarethun
Foto: NRKKommunestyregruppene og partilaga i Lærdal vedtok på eit møte i går kveld ein sterk uttale om at Helse Førde sitt vedtak om å legge ned ortopediklinikken i Lærdal er gjort på fullstendig sviktande grunnlag og at dette er ein forvaltningsskandale.
Dei meiner at dette er eit vesentleg strukturelt tiltak som etter kvart vil føre til nedlegging av sjukehuset.
Delegasjon til Oslo
Difor sender dei i dag ein politisk delegasjon til Oslo, og krev i tillegg at Helse Førde straks gjer om nedleggingsvedtaket.
- Dersom ikkje dei eller Helse Vest maktar dette, så må vi krevje at statsråden og departementet grip inn og opphever vedtaket. Dette er dramatisk, og vi er sikre på at dette kan dei ikkje visst konsekvensen av, seier han.
Helse Førde
- Opninga av rusposten kan bli utsett
- - Har for lite tid til pasientane
- - Nordfjord sjukehus blir brukbart
- Psykiatrisk avdeling kan bli stengd
- Helseføretak vil ikkje ha Nordfjord
- Braut handa - venta i ti dagar
- - Helse Førde kan smuldre opp
- Legg vekk saka mot Bolstad
- Delte meiningar om nytt HF-namn
- Fekk avlyst operasjon - to gonger
- Nordfjordingar vil bli møringar
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket