Hopp til innhold

Mann vart slengt ti meter ut av bil

Bil med tre menn hamna på taket og var totalskadd.

Bilulukke på Leikanger

Tre menn sat i denne bilen som hamna på taket og tok fyr på riksveg 55, like vest for Leikanger i Sogn måndag kveld.

Foto: Ole Ramshus Sælthum / NRK

Klokka 22.20 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på riksveg 55, like vest for fruktlageret på Leikanger.

Folk på staden

Ambulansar, luftambulanse, politi, brannvesenet og Statens Vegvesen var på ulukkesstaden

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Det var ein personbil med tre menn i som har hamna på taket.

Kraftig samanstøyt

Ulukkesstaden bar preg av at det har vore ein kraftig samanstøyt.

Bilen låg på taket i vegbana og hadde store materielle skader. Motoren vart kasta ut av bilen og låg to meter lenger framme.

Frontvindauget vart kasta omlag 15 meter vekk frå bilen, og like i nærleiken låg ein mobil, ein sko og ei klokke.

Riksveg 55 er stengd ved staden.

Mann kasta 10 meter

Operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier ein person truleg vart kasta ut av ulukkesbilen.

Frontrute og sko

Frontruta og ein sko låg om lag 15 meter frå ulukkesbilen

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Ting på staden tyder på at ein person vart kasta omlag 10 meter ut av bilen, seier Vereide.

Bilen med dei tre mennene køyrde i retning Hella.

100 meter lange bremsespor på staden

Bremsespora på staden var om lag 100 meter lange.Spor tyda på på at bilen først hamna i autovernet på venstre sida av vegen, før bilen vart kasta over i ein murkant på høgre sida.

Sko, klokke og mobil

Den andre skoen, ei klokke og ein mobil låg på andre sida av vegen i høve til bilen

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Deretter har bilen truleg tippa over på taket og tatt fyr.

Politi, brannvesen, ambulanse og mannskap frå vegvesenet er på staden.

Luftambulansen kom til staden like over klokka 23.30. Alle dei tre mennene vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med luftambulansen. Klokka 00.30 var Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon på staden og gjorde undersøkingar.

Tysdag morgon opplyste Haukeland universistetssjukehus at det var tre menn mellom 16 og 28 år involverte i ulukka, og at alle var Utanfor livsfare etter kraftig smell .