26.05.2012

Presten gløymde å stille klokka

Eid kyrkje (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Gudstenesta i Eid kyrkje på palmesøndag, fekk ein litt spesiell start...

– Eg vakna tidleg og hadde planlagt å ha god tid til å førebu gudstenesta, fortel prest Kristin Stensrød i Nordfjordeid.

– Klokka kvart på ti ringte kyrkjetenaren, og i dét eg tok telefonen skjønte eg kva som hadde skjedd, seier ho.

Presten hadde nemleg gløymt å stille klokka om til sommartid.

Dermed hadde ho plutseleg berre eit kvarter på seg til ho skulle vere i gang med gudstenesta. Det vart ein brå slutt på frukosten for den uheldige presten, i ei fullsett kyrkje venta mellom anna tre dåpsfamiliar og 22 fireåringar som skulle få kyrkjebok.

Fekk applaus

Stensrød fortel at det vart nokre hektiske minutt. Ho heiv seg i bilen og kom fram til kyrkja samtidig som det eine dåpsfølgjet gjekk inn.

– Eg måtte berre springe inn og sei «Hei, eg skal lære meg å stille klokka!», seier ho.

Etter å ha skifta og delt ut program i rekordfart, kom Stensrød i gang med gudstenesta ti minutt på overtid. Og trass i forseinkinga, fortel ho at stemninga i kyrkja var svært god.

– Eg fekk til og med applaus, seier ho.

– Lærepenge

Stensrød fortel at ho tykkjer dei mange som måtte vente på ho tok det fint, men at ho sjølv har lært til neste gong klokka skal stillast.

– Eg skal sørge for at eg har avtalt med nokon som kan minne meg på det, for dette har eg ikkje lyst å oppleve igjen, seier ho.

Hugsa du å stille klokka i helga?

Velg ett alternativ
Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.