Hopp til innhold

SV vil behalde tre sjukehus

Sogn og Fjordane SV vil behalda eitt sentralsjukehus og to lokalsjukehus i fylket.

Heidi-Kathrin Osland

Heidi Kathrin Osland (SV)

Foto: Brit Jorunn Svanes

Partiet går dermed i mot Helse Førde sitt forslag om å leggja ned lokalsjukehusa i Eid og Lærdal og gjere dei om til lokalmedisinske senter.

– Å leggje ned lokalsjukehusa er eit løftebrot, seier fylkesleiar Heidi Kathrin Osland (SV).

Vil ha alle sjukehusa

Sogn og Fjordane SV har forkasta alle dei tre strukturendringane som Helse Førde føreslår:

  • Eitt sentralsjukehus i Førde - to lokalmedisinske senter i Lærdal og Eid
  • Førde, Lærdal og Eid blir alle lokalsjukehus
  • Eitt sentralsjukehus - nedlegging av Lærdal og Eid

– Vi syns ikkje forslaga til Helse Førde er gode nok i forhold til at vi står føre ei samhandlingsreform. Den er ikkje ferdig utgreidd, men vi meiner det er ei rekkje spørsmål som vi ikkje trur vil bli løyste med forslaga til Helse Førde, seier Osland.

– Betre arbeidsfordeling

– Då vil de i staden ha eit sterkt sentralsjukehus og to lokalsjukehus?

– Ja, det vil vi.

– Korleis skal ein finansiere dette?

– Det vi må sjå på er kva arbeidsdeling ein har mellom sjukehusa. Vi ønskjer å behalde indremedisinsk døgnavdeling, men vi ser at akuttkirugisk beredskap er kanskje vi er nøydde til å ta vekk, svarar Osland.