Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT) har i dag gjeve Alexela Sløvåg grønt lys til å drive det tidlegare Vest Tank-anlegget i Gulen som oljeterminal.
- LES OGSÅ:
Håpar på drift til våren
Vest Tank blei avvikla etter at to tankar med giftig avfall eksploderte i mai 2007. Det vart gjort omfattande materielle skader, men ingen personar kom alvorleg til skade.
Planen er no å få den nye terminalen i drift i løpet av våren, opplyser selskapet i ei pressemelding. Alexela Sløvåg skal mellomlagre bensinprodukt og har mål om å starte opp i løpet av våren.
Politietterforskning har ført til at tre tidlegare ansvarlege ved anlegget er tiltalt for alvorlege brot på forureinsningslova.
Strenge krav
For at Alexela Sløvåg skal få lov til å starte opp oljeterminal må også Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap gje løyve.
- LES OGSÅ:
Den noværande leiaren ved anlegget, administrerande direktør Håkon Ivarson har leiia arbeidet med opprydding etter ulykka dei siste tre åra.
Han seier det er stilt strenge krav til drifta av oljeterminalen, noko som er i samsvar med det opplegget Alexela Sløvåg ønskjer.
– Vår ambisjon har vore og er at terminalen skal drivast innanfor omfattande krav til tryggleik, av hensyn til ansatte, brukere, naboer som til landskap og miljø, sier Ivarson.