Hopp til innhold

Ingen lovnadar frå minister

Aksjonistane som møtte helseministeren i Oslo i dag fekk ingen konkrete lovnadar.

Video Protest mot nedlegging av lokalsjukehus

VIDEO: To busslastar med aksjonistar kom frå Sogn for å demonstrere mot nedlegging av lokalsjukehus.

Omlag 70 sjukehusaksjonistar frå Sogn hadde i dag tatt turen til Oslo for å vise helseministeren at dei vil behalde lokalsjukehuset sitt i Lærdal.

Ingen lovnader frå minister

Men då helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen talte til aksjonistane kunne ho ikkje love noko.

- Det som er viktig for meg over heile landet er at vi har eit forsvarleg godt helsetilbod i heile landet. Det har vi i dag og skal vi også ha i framtida, sa ministeren til dei mange frammøte.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen møtte aksjonistane.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Helse Førde har føreslått å leggje ned dei to lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid og vil gjere dei om til lokalmedisinske senter, utan sengepostar. Også fleire andre stader i landet er det føreslått endringar i sjukehusstrukturen.

- Det kan føre til at vi må gjere nokon omstillingar, men det skal ikkje vere slik at folk skal vere engstelege for at dei ikkje vert godt ivaretatt, fortsette Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Ho sa Norge også i framtida skal ha eit av dei beste helsetilboda i verda.

"Vi vert jo sjuke på bygda og"

Aksjonistane frå Sogn stilte mannsterke i hovudstaden og fleire hadde parolar, mellom anna med påskrifta "Vi vert jo sjuke på bygda og".

Av dei som heldt appell var Bente Øien Hauge, frå Forsvar Lærdal sjukehus og Folkebevegelsen for lokalsjukehus.

- Når guttungen brekk armen og gamlemor får lungebetennelse, vil vi ha hjelp på lokalsjukehuset, sa Øien Hauge.