Hopp til innhold

Demonstrantar på plass i Oslo

Sjukehusaksjonistane frå Sogn og Fjordane er godt synlege.

Video Protest mot nedlegging av lokalsjukehus

VIDEO: To busslastar med aksjonistar kom frå Sogn for å demonstrere mot nedlegging av lokalsjukehus.

Dei vel 70 sjukehusaksjonistane frå Sogn og Fjordane, er framme i Oslo. No demonstrerer dei framfor Helse- og omsorgsdepartementet saman med folk frå heile landet som kjempar for sine lokalsjukehus.

Demonstrantar mot nedlegging av lokalsjukehus

Carl I. Hagen er observert på demonstrasjonen i Oslo.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Bente Øien Hauge er koordinator for Folkerørsla for lokalsjukehusa og har tatt turen over fjellet for å halde appell for Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Ho skal mellom anna illustrere ein tunnelfødsel for å vise ein av konsekvensane nedlegging av lokalsjukehus kan få.

Det er aksjonistgruppa for Aker Sjukehus som er ansvarleg demonstrasjonen. På grunn av truslar om nedlegging av sjukehus over heile landet, vart alle som kjempar for sine lokalsjukehus invitert til å vere med.

Tidlegare i dag køyrte to bussar med aksjonistar frå mellom anna Eid og Lærdal til hovudstaden for å delta på demonstrasjonen.

Gründerbrygg mot nedlegging av lokalsjukehus

Demonstrantane har mange måtar å vise motstanden sin mot nedlegging av lokalsjukehus.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Sjukehusaksjonistar i Oslo

Demonstrantane frå Sogn og Fjordane er godt synlege framfor Helsedepartementet.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK