Hopp til innhold

Skal vise ministeren tunnelfødsel

To bussar med aksjonistar frå Sogn og Fjordane er på veg til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av lokalsjukehus.

Bente Øien Hauge demonstrerer tunnelfødsel.

Bente Øien Hauge illustrerer tunnelfødsel.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

– Lokalsjukehusa i Nordfjord og Lærdal må ikkje leggast ned.

Det seier Bente Øien Hauge, koordinator for Folkerørsla for lokalsjukehusa som står bak demonstrasjonen i Oslo. Saman med demonstrantar frå mellom anna Årdal og Lærdal, er ho på veg over fjellet for å syne politikarane at dei ikkje finn seg i at lokalsjukehusa deira vert nedlagde.

Hauge skal halde appell under demonstrasjonen, der ho mellom anna skal illustrere ein tunnelfødsel for å synleggjere ein mogleg konsekvens av at lokalsjukehusa forsvinn.

Sjukehusaksjonistar

Tunnelfødsel kan bli ein av konsekvensane av at lokalsjukehus vert nedlagt.

Foto: Ole Ramshuns Sælthun / NRK

Hauge seier det er eit viktig bodskap aksjonistane har med seg til Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. No håpar Hauge at politikarane tek aksjonen på alvor.

– Dei må forstå at me ikkje vil finne oss i å miste lokalsjukehusa, så dette er sjølvsagt ein måte å gje den beskjeden til politikarane på nasjonalt nivå, seier ho.

Aksjonen i Oslo var meint som ein demonstrasjon mot at Aker sjukehus vert truga med å miste viktige funksjonar. Etter at fleire helseregionar i det siste har kome med forslag om strukturelle endringar som kan få store følgjer for lokalsjukehusa, vart sjukehusaksjonistar frå heile landet invitert med.

Startskotet for demonstrasjonen er kl 14 i ettermiddag utanfor Helse- og omsorgsdepartementet i Oslo.

Sjukehusaksjonistar på veg til Oslo.

Aksjonistar på veg til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av lokalsjukehus.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK