Dei går gjennom snøskredet

Over denne snøfonna går høggravide Lene Navelsaker, og fleire av innbyggjarane på Navelsaker til jobb.
Foto: PrivatSnøskred og stengd fylkesveg hindrar ikkje høggravide Lene Navelsaker å gå på jobb: Ho klatrar over snøfonna.
Publisert 20.03.2010 16:31. Oppdatert 20.03.2010 23:04.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det er slett ikkje alle som let seg skremme av skredstengde vegar og ublide møte mellom menneske og naturkreftene.
- Det er naturleg for oss å gå over raset. slik har alltid dei vaksne i Navelsaker kome seg på jobb, seier høggravide Lene Navelsaker (26) til Fjordabladet.
- Kikar opp
Dei siste to vekene har vegen mellom Fossebakken og Navelsaker vore ofte stengd. Sist sidan tysdag, og vegen blir heller ikkje opna laurdag som følgje av skredfaren. Det skremmer ikkje Navelsaker, som er gravid i sjuande månad.
- LES OGSÅ: Olav vart treft av snøskred

Snøskredet som sperrar fylkesvegen til Navelsaker.
Foto: Privat- Sjølvsagt kikkar vi opp i fjellsida, men på nokre plassar er det faktisk bart allereie, så då går det nok fint, seier Navelsaker til avisa.
- Einaste måten
26-åringen er ikkje åleine om å opne vegbommen og klatre over snøskred i Navelsakerstranda for å komme seg på jobb. Det same gjer også fleire av dei kring ti personane som bur på Navelsaker.
- LES OGSÅ: Fekk snøskred rett i bilsida
- Det er einaste måten å kome seg på jobb på, fortel sambuaren hennar Øystein Førde til NRK.
- LES OGSÅ: Kvinne begravd av snøskred
Det siste skredet kom ned torsdag og innbyggjarane på Navelsaker hadde håpa å få vegsamband att fredag. Men skredfaren er framleis vurdert som så stor at Statens Vegvesen ikkje vil opne fylkesvegen att.
- Ikkje tilrådeleg
Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjell Biesmans, vil ikkje rå folk til å klatre over snøfonner for å komme seg fram på skredstengde vegar.
- Det er ein grunn for at vegen er stengd, og det kan vere fare for nye skred. Det er på ingen måte greitt å ta seg fram slik. Ein kan utsette seg sjølv for stor fare, seier han til NRK og legg til at folk må ta ansvar for eigne handlingar.
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen