Hopp til innhold

Målpris til Linda Eide

– Ho er ein framifrå og fargerik ambassadør for nynorsk og dialekt, seier Einar Ådland, leiar i Hordaland Mållag.

Ta med Linda Eide på bilferie

Linda Eide er mest kjend som programleiar for Norsk Attraksjon.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Programmedarbeidar Linda Eide ved NRK Hordaland får Målprisen til Hordaland Mållag for 2010.

Ho får prisen fordi ho ei årrekkje har vore - og er - ein framifrå, fargerik og humørskapande ambassadør for dialektbruk og bruk av nynorsk i radio, fjernsyn og andre media. Siste åra med storsuksessen Norsk Attraksjon.

– Uvanleg iderik

Linda Eide den første olje

Linda Eide

Foto: Kristin Helgeland Hauge

– I dei mange programma ho har laga for NRK har ho synt at Vossa-målføret og nynorsk er ypparlege reiskapar i ei frodig journalistisk verksemd der det er plass til det meste, heiter det i grunngjevinga, seier Ådland.

– Linda Eide er uvanleg iderik og særs allsidig, ho spelar på mange og ulike talentstrenger og typisk for henne er eit usliteleg humør, humor, sjølvironi, det skeive blikket, dei uventa vinklingane og dei overraskande hendingane. Kort sagt ho er eit nynorsk idol, seier Ådland.

Linda Eide er fødd og oppvaksen på Voss og er 41 år. Ho tok eksamen ved Norsk Journalisthøgskule i 1990, og seinare har NRK vore arbeidsplassen hennar. I 1996 studerte ho litteraturvitskap ved NTNU.

Fekk nynorskpris for journalistar

Ho har vore programmedarbeidar i ulike avdelingar i NRK, mellom anna P3 i 1993 og frå 1998 i NRK P1 Norgesglasset og NRK Fjernsynet. Sidan 2007 har ho vore programleiar i serien Norsk Attraksjon på NRK Fjernsynet.

I 2006 fekk Linda Eide Regjeringas nynorskpris for journalistar, som då vart delt ut for fyrste gong. I 2008 fekk ho sykkelprisen frå Syklistenes Landsforening for arbeidet sitt for sykkelen som framkomstmiddel, som mellom anna var emnet i dokumentaren «Døden bak Styret», som vart sendt i NRK i 2005.