11.02.2012

– Russen blir tatt meir på alvor

Russ 2008 på Festplassen i Førde  (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

Russen har samlast på Festplassen i Førde i fleire år natt til 1. mai. Dette biletet er frå 2008.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Formannskapet i Førde vil gje løyve til å skjenke alkohol på eit arrangement på Festplassen natt til 1. mai. Russen føler no at dei blir tatt meir på alvor.

I fjor sa bystyret nei til eit liknande arrangement på Festplassen i Førde, som då var tenkt som eit reint russetreff. I år har arrangørane fått ja arrangement første natta i mai.

– Eg føler vi blir tatt meir på alvor, seier russepresident Henrik Hauge Hove ved Hafstad vidaregåande skule.

– Fylkets største

Han er glad for at arrangøren samarbeider tett med russen.

– Vi er med å bestemme kven som skal spele på scena og vi har direkte innflyting på bilettprisen, seier russepresidenten.

Russepresident Henrik Hauge Hove (Foto: Brynjar Solheim/NRK)

Russepresident Henrik Hauge Hove

Foto: Brynjar Solheim/NRK

– Det kjem til å bli mange vakter og det kjem ikkje til å bli så mykje rølp som det har vore tidlegare. Eg trur dette kjem til å bli fylkets største russearrangement, seier Hauge Hove.

Gruppeleiar for Arbeiderpartiet i Førde, Jorunn Eide Kirketeig, seier søkarane
denne gongen har sørga for skikkeleg vakthald, og at også politiet har vore positive til festen.

– Det er gitt veldig klare rammer om korleis ein skal avvikle arrangemetet, seier Eide Kirketeig.

Lensmannen er positiv

Jan Egil Tvinde (Foto: Brynjar Solheim/NRK)

Lensmann Jan Egil Tvinde

Foto: Brynjar Solheim/NRK

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, vil spele på lag med festarrangørane slik at forholda vert best mogleg denne natta.

– Kvart år har det vore store russefestar på utstillingsplassen. Eg ser på det som ein stor fordel om vi får samla alle på denne plassen, i staden for rundt om kring i Førde sentrum, seier Tvinde.

Han meiner arrangementet er eit positivt tiltak.

– Det verkar som at arrangementet er lagt opp på ein skikkeleg måte og at det er profesjonelle aktørar som arrangerer. Eg har tillit til at dei vil få til eit trygt og godt arrangement, seier Tvinde.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.