26.05.2012

Ber om pengar til operahus

Fleirtalet i kulturkomiteen på Stortinget ber regjeringa løyve pengar til hus for Opera Nordfjord.

Opera Nordfjord. Arkivfoto NRK.Opera Nordfjord. Arkivfoto NRK.

- Det som konkret står i denne merknaden er at vi har skaffa kulturhuset på Nordfjordeid det vi på Formel 1-språket kan kalle "pole position", altså fyrste prioritet for ferdigfinansiering, seier Sande.

Eit viktig steg nærare

Det har vore jobba aktivt for å skaffe Opera Nordfjord skikkelege lokale, og no er kulturhuset på Nordfjordeid eit viktig steg nærare realisering. Fleirtalet i kulturkomiteen, minus Framstegspartiet, seier at dei er kjende med at det er søkt om 20 millionar kroner frå staten til kulturhuset, og ber regjeringa sjå på mogelegheitene for ei løyving frå tilskotsordninga for regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur.

Gledeleg

- Dette er jo ein gledeleg dag for oss som er kulturpolitikarar, men ikkje minst for eldsjelene i Eid som har jobba lenge for dette, seier Sande.

Erling Sande meiner prioriteringa til fylkeskommunen har hatt mykje å seie for merknaden frå kulturkomiteen.

Operasal

Om planane vert realisert, vil bygginga av kulturhuset skje i samband med utvidinga av den vidaregåande skulen på Nordfjordeid. Den yrkesfaglege delen av skulen skal byggjast saman med den allmennfaglege delen. Planen er då å byggje ein aula på skulen. Ideen er at denne aulaen også skal fungere som operasal for Opera Nordfjord.