26.05.2012

Skredfare vart til skogbrannfare

Arild Mentzoni melder skogbrannfare på vestlandet (NRK)

Arild Mentzoni melder skogbrannfare på Vestlandet.

NRK

– Ingen aprilsnarr, seier Arild Mentzoni.

Regnet har hølja ned over store delar av Vestlandet den siste tida. Førre veke vart det sendt ut flaumvarsel, og kommunane har hatt hendene fulle med å halde dei store vassmengdene i sjakk.

– Huff da

Det vekte difor stor forundring at statsmeteorolog Arlid Mentzoni i går kveld åtvara mot skogbrannfare på vestlandet.

«Det er framleis stor skogbrannfare», sa meteorologen og peika på eit vêrkart dekka av regntunge skyer.

– Gjorde eg det? Huff da, eg meinte sjølvsagt snøskredfare. Det kan gå litt i surr når ein står og snakkar slik, ler Mentzoni.

Ingen aprilsnarr

At meldinga var ein litt tidleg aprilsnarr, vil han ikkje vedgå.

– Nei, eg tullar ikkje med slikt. Snøskredfare blei til skogbrannfare. Det var ei rein forsnakking, rett og slett, seier han.

Skogeigarane i Sogn og Fjordane treng med andre ord ikkje frykte for trea sine -ennå.

– Nei, skogbrannfare får me vente med å tenkje på til lenger ut på våren, humrar statsmeteorologen.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.