Hopp til innhold

Buss og bilar innesperra av skred

Mellom 15 og 20 personar vart fredag ettermiddag innesperra mellom fleire småskred på riksveg 13 over Vikafjellet.

Skreda gjekk om lag to kilometer frå Storehaugtunnelen, på stigninga opp mot Vikafjellet frå Vik-sida. Fem bilar og ein buss vart innesperra av skreda.

Treft av snøskred

Snøskred på Vikafjellet

Bilen Thale Charlotte Halset sat i vart treft av snøskred.

Foto: Thale Charlotte Halset

Thale Charlotte Halset var på veg mot Voss då ho måtte stogge på grunn av skreda. Dramatikken toppa seg då bilen ho sat i vart treft av eit snøskred og vart pressa mot autovernet over den stupbratte fjellsida. Olav J. Bøtun som stod i vegen og prata inn vindauget hennar vart treft av skredet.

- Vi såg skredet komme, men vi skjønte ikkje kor stort det var. Han stod fast opp til hoftene, og snøen kom inn sideruta mi. Eg trur ikkje vi heilt skjønte kor gale det var før etterpå, fortel Halset om dramatikken.

Måtte spa seg laus

Bøtun seier til NRK Sogn og Fjordan at han vart overraska av raset. Han kom køyrande frå Vik og måtte stoppe for dei andre bilane som var trefte. Då han stod og venta kom først eit lite ras, som brått vaks seg større. I alt kom det fem ras medan Bøtun var i området ved bilen.

(artikkelen held fram under biletet)

Her blir Olav J. Bøtun gravd ut frå snøraset.

Her blir Olav J. Bøtun grav ut av snøraset.

Foto: MMS- Øydis Kleppe Bøtun

- Heldigvis stod eg ikkje mellom rekkverket og bilen. Då hadde eg blitt klistra. No vart eg berre ståande fast i snøen, men eg vart ikkje skadd.

- Det var ekkelt. Eg hadde ingenting å hjelpe med meg. Eg hadde armane fri så eg prøvde å grave med hendene, men det snøen var så pakka at eg måtte gje opp. Så fekk eg hjelp av ein annan som hadde spade. Deretter fekk vi opna bilen slik at ho som sat inni kom seg ut, fortel Bøtun.

Måtte gravast fram

I alt to bilar vart trefte av det eine av mange småskred som kom ned fjellsida. Ingen personar vart skadde. Heller ikkje mannen som vart treft av snøskredet.

- Det var heldigvis ein bilen framfor oss som hadde spade, så dei måtte spa han laus. Han stod heilt pakka fast. Etterpå spadde dei opp døra mi så eg kom meg ut, fortel Halset.

- Ufyseleg

Dramatikken var ikkje over med det. Det gjekk fleire skred på same tidspunkt.

- Vi søkte ly i eit granfelt. Då vi skulle hente bilane såg vi opp i fjellsida om det kom meir. Det var litt ufyseleg, seier Halset. Ho var svært glad over å komme attende til Vik etter den dramatiske hendinga, fortel Halset.

Bilen skal stå

- Eg skal ikkje ut på noko meir køyring i dag. Det blir å parkere bilen og fyre i omnen, seier ho.

Seksjonsleiar ved Statens Vegvesen Region Vest seier det kom ned fleire småskred på riksveg 13. Vegen blir stengd til skredet er rydda og skredfaren vurdert.

Rasfaren ikkje over

Med store nedbørsmengder på veg, åtvarar Meteorologisk Institutt åtvarar mot aukande snøskredfare utover fredagen .

Tysdag vart ein buss feia av vegen av ei trykkbølgje etter eit snøskred i Våtedalen.