11.02.2012

Både heks og edderkoppar må vike

Både born, edderkoppar og heksa Kornelia 17 blir huslause når Kyrkjevegen barnehage må vike for 29 nye omsorgsbustadar i Førde.

- Det er trist på ein måte, men når det er gamalt og utbrukt, så vrakar vi det, seier pedagog Sveinung Nordtveit i Kyrkjevegen barnehage.

Slutt etter 23 år

Barnehagen har stått der i 23 år, men no skal det gamle bygget vike når kommunen skal føre opp 29 nye omsorgsbustadar. Dermed blir både edderkoppane og heksa "Kornelia 17" huslause.

- Det er nesten mest synd på heksa vår. Ho bur oppe på kaldeloftet vårt og ho vil slite med å finne eit like godt hus å bu i, meiner Nordtveit.

Bad om hjelp

Nordtveit gjekk onsdag ut i lokalavisa Firda med bøn om hjelp. Bønene vart etter alle solemerke høyrde.

- Han tok meg på senga rett og slett. Avisa kom ut tidleg og han ringde før eg hadde stått opp fordi han var interessert i å hjelpe, seier pedagogen men ikkje vil røpe noko meir enn det.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.