Hopp til innhold

Vil sende Simon ut av landet igjen

Utlendingsdirektoratet (UDI) vil sende eritreiske Simon og far hans Fkadu Thaye ut av landet igjen.

Simon (9) og faren Fkadu Thaye

Simon og far hans Fkadu Thaye sat i kring ein månad i kyrkjeasyl etter at dei kom attende til Florø.

Foto: Anita Uberoi / NRK

Direktoratet bestemte før helga at søknaden om beskyttelse skal handsamast etter Dublin-konvensjonen, skriv Firdaposten.

- Uhaldbart

Avgjerda betyr at Simon og far hans må attende til Italia. Dei to er no busette i Florø.

- Vi meiner det er snakk om å reise attende til den same uhaldbare situasjonen som sist. I verste fall vil dei kanskje sjå seg nøydde til å reise frå Italia att, og prøve på nytt att i Norge eller eit anna land. Det er naturleg når nauden blir stor nok. Då er det berre fantasien som set grenser, seier advokaten hans, Roland Kjeldahl til NRK.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_9_14_18_27_2_1514.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Stort engasjement

Kjeldahl er ikkje overraska over avgjerda til UDI, men sende fredag ein mellombels klage. Han er no i gang med ein utfyllande klage med grunngjeving.

- Eg er ikkje noko mildare stemt for denne avgjerda enn for den tidlegare avgjerda, som hadde same konklusjon, seier Kjeldahl til NRK.

Fleire parti og ei lokal støttegruppe har engasjert seg i saka etter at Simon og far hans vart henta av politiet og sende ut av landet.

Handsama etter ny lov

I etterkant vart det kjent at far til Simon hadde bløffa seg til opphald i Norge . I november var dei to attende i Florø der dei sat i kyrkjeasyl . Kjeldahl fortel til Firdaposten at UDI har handsama saka med bakgrunn i den nye utlendingslova som kom 1. januar.

- Den er mykje strengare, seier han til avisa.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_11_18_21_23_39_743.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tenker ikkje på Simon

Kjeldahl er skuffa over at direktoratet ikkje har lagt meir vekt på Simon sitt beste, enn dei har gjort.

- Barnekonvensjonen er sentral, og den skal leggast vesentleg vekt på i asylsaker. Det meiner eg ikkje er gjort i denne saka, seier han til NRK.

Kan få hjelp

- Norge er eitt av fleire europeiske land som har samarbeid som mellom anna betyr at personar berre kan få asyl i eitt land. Simon og faren hans har begge opphaldsløyve i Italia. Når dei kjem til Italia, bør dei ta kontakt med italienske styresmakter så dei kan få hjelp til å få ein stad å bu, skulegong og eit stabilt og trygt liv, seier Hanne Jendal i asylavdelinga til NRK.

Av omsyn til taushetsplikta kan ikkje UDI gå nærare inn i detaljane i saka.

- Faren til Simon kan gje oss lov til å seie meir, og dersom han gjer det, kan fleire sider av saka kome fram, held Jendal fram.