11.02.2012

Satsar på nytt liv for ungdomshusa

Kari Virkesdal og Siv Fristad (Foto: Sogn og Fjordane Ungdomslag)

Kari Virkesdal og Siv Fristad frå Leirvik i Sogn kan reise heim med ny inspirasjon.

Foto: Sogn og Fjordane Ungdomslag

I helga var ungdomslag frå heile fylket samla til konferanse om kulturhus i bygdene.

Målet med prosjektet er å løfte fram og styrke dei organisasjonseigde
kulturbygga i Sogn og Fjordane.

- Vi har blitt veldig inspirert, og vil reise heim til laget og jobbe for
å få meir bruk av huset, seier Kari Virkesdal frå Bøfjord Ungdomslag i
Leirvik i ei pressemelding.

Vil starte kulturkafé

Ho og sambygdningen Siv Fristad har lyst å setje i gang med det same.

- Vi håpar mellom anna at vi kan få i gang kulturkafé i ungdomshuset der vi vil invitere både gamle og nye i bygda.

Fekk idear til utvikling

Det er Sogn og Fjordane Ungdomslag og Norske kulturbygg står bak
Kulturhuskonferansen, som er ein del av prosjektet «Huset i bygda».

Deltakarane på konferansen fekk idear til mellom anna utviklinga av kulturhusa og til informasjon om støtteordningar. Dei diskuterte også husa som kulturminne og dei fekk høyre suksesshistorier frå lag som har modernisert husa.

Må få høgare status

Anders Slaatsveen, dagleg leiar i Norske kulturbygg, var ein av
innleiarane. Han stilte spørsmål om korleis bygda ville sett ut utan dei lokale kulturbygga.

- Vi treng husa for å ha levande bygder. Derfor må husa bli løfta fram og få enno høgare status.

- Strålande kulturminne

Arlen Bidne og Knut Åland frå Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane
fylkeskommune sette fokus på ungdomshusa som kulturminne.

- Mange av ungdomshusa er strålande kulturminne, både med tanke på
arkitektur, inventar og aktivitetane som er og har vore i husa, seier Åland.

Bidne seier at ungdomshusa er ofte ramme rundt ulike tilstellingar i bygda, som juletrefest, 17. mai, dans, skodespel, musikk og ulike feiringar.

- Samstundes har husa ein viktig symbolverdi. Dei har vorte bygd i ei tid
der ein var oppteken av den norske identiteten. Huset kan òg vere eit
viktig symbol for samhaldet i ei bygd. Skal ein ta vare på ungdomshusa som kulturminne må ein finne ein god balanse mellom vern og bruk, og det er fullt mogleg å få hus med høg bruksverdi der ein tar vare på huset sin eigenart, la Bidne til.

Nøgd prosjektleiar

Kristin Sandal, prosjektleiar for Huset i bygda, er svært fornøgd etter
konferansen.

- Det var kjekt at vi klarte å samle folk frå ungdomslag frå alle delar
av fylket. Det verkar som vi hadde tema som interesserte deltakarane.

Ho satsar på at dei klarer å få til ein ny konferanse i løpet av året.

- Dette er ein viktig møteplass for nettverksbygging, fagleg påfyll og inspirasjon til å halde fram det fantastiske arbeidet som alle gjer rundt om i bygdene for husa sine, seier Kristin Sandal.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.