10.02.2012

Gloppen klar for 2. divisjon

Edvin Øygard (med ballen) og Øystein Ellingvåg (Foto: Stig Høynes)

Edvin Øygard (med ballen) og Øystein Ellingvåg i aksjon i ein tidlegare kamp.

Foto: Stig Høynes

Handballherrane feira med champagnebrus i dusjen.

Gloppen er no klar for 2. divisjon etter at dei vann 36-16 mot Åsane 2 på heimebane. Ved pause var stillinga 17-9.

Gloppentrenar Bjørn Roth-Andenæs er nøgd med innsatsen til det unge laget sitt.

- Det var mange som hadde ein god dag under kampen laurdag. Dei siste kampane har vi skåra rundt 30 mål, og det er vi nøgde med, fortel han.

Feira opprykket

Etter kampen vart opprykket feira i dusjen.

- Vi har fleire unge spelarar under 18 år, difor vart det champangebrus i staden for champagne.

Laget ligg på 2. plass med 22 poeng. Det same har også Nornen 2 som ligg øvst på same poengsum men med ein kamp meir spelt.

- Men Nornen har allereie eit lag i 2. divisjon og kan dermed ikkje rykkje opp. Heller ikkje Bergen HK som ligg på 3. plass kan rykkje opp ein divisjon, seier Roth-Andenæs.

Han trur at Gloppen får følgje med anten Årstad, Florø eller Os.

Klar for utfordringa

Trenaren trur at det kan bli tøft i 2. divisjon, men ser fram til utfordringa.

- Det er heilt klart eit steg opp for oss, og ikkje sidan 1995 har Sogn og Fjordane hatt eit herrelag i 2. divisjon.

Kampen om serietittelen

No gjenstår to spennande kampar for Gloppen, mot Os og mot Bergen HK.

- Det blir spennande å sjå kven som vinn divisjonen, seier han.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.