10.02.2012

Medaljedryss over Nordfjord

John Eirik Meland (Foto: Stig Høynes)

Arkivfoto. John Eirik Meland var best av 116 deltakarar i 16-årsklassa fredag. Han kom i mål fem sekund føre lagkamerat Vebjørn Hjelle.

Foto: Stig Høynes

Team Statkraft Nordfjord leverte truleg sin aller beste dag på eit Hovudlandsdrenn fredag.

I Alta vart det eitt gull, to sølv og ei bronsemedalje under det som blir reikna som NM for 15- og 16-åringar.

Hovudlandsrenn skiskyting

Jenter 15 år

  • 10) Eirinn Teiken Kvåle (Vik)

Gutar 15 år

  • 2) Isak Flo Bødal (Stårheim)
  • 4) Lars Midthjell Gjørven (Markane)
  • 32) Martin Løvlid (Hornindal)

Jenter 16 år

  • 3) Helene Støve Otterdal (Hornindal)
  • 6) Emilie Houm Otterdal (Hornindal)
  • 33) Heidi Flo Bødal (Stårheim)
  • 34) Anja Bertine Tomasgård (Hornindal)

Gutar 16 år

  • 1) Johan Eirik Meland (Markane)
  • 2) Vebjørn Hjelle (Stårheim)
  • 56) Joar Turvoll (Vik)

- Det var snakk om at dette var den beste dagen klubben har gjort, seier juniorrekrutt-trenar Svein Lasse Bødal.

Hard klasse

Overbyggingsklubben i Nordfjord har eksistert i nær 20 år, og aldri før har den opplevd ein slik dag på eit Hovudlandsrenn. I klassa for gutar 16 år vart det dobbeltsiger med John Eirik Meland (Markane) på førsteplass, med Vebjørn Hjelle (Stårheim) på sølvplass.

- Dette er ein bra prestasjon. Gutar 16 år er rekna som den hardaste klassa, seier Bødal.

Seks blant dei ti beste

I tilleg vart Isak Flo Bødal (Stårheim) nummer to i gutane si 15-årsklasse og Helene Støve Otterdal (hornindal) nummer tre i den eldste jenteklassa. Med seks utøvarar blant dei ti beste, er Bødal svært nøgd.

- Vi er veldig godt nøgde ut frå den samla innsatsen, seier Bødal.

Kan bli meir

Og meir medaljar kan det bli. Laurdag er det sprint, medan meisterskapen blir avslutta søndag med stafett.

- Vi har utøvarar som har hevda seg godt jamt over, og vonar at det held fram. Skiskyting er ein spanande sport der det er umogleg å vite kven som står på pallen når siste løpar er komen i mål.

- Ser ein på gutelaget søndag, så er fjerdeplass dårlegast blant våre fire beste, legg han til.

Samarbeider godt

Også Synnylven er med i samarbeidsklubben, men dei har ingen utøvarar på hovudlandsrennet. Totalt er det nær 30 aktive i Team Statkraft Nordfjord. Og innsatsen fredag viser at det gror godt i rekkene bak Ronny Hafsås og Tarjei Bø.

- Vi samarbeider godt mellom klubbane og plukkar dei beste elementa frå kvar klubb. Dette sveiser vi saman til eit team.

Ved ein feil i den opprinnelege sak vart feil trenar sitert, men dette er no retta opp.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.