Hopp til innhold

Halv million til treskofabrikk

Sellevåg treskofabrikk i Gulen får nærmare ein halv million kroner frå Riksantikvaren.

Sellevåg treskofabrikk i Gulen får 477.000 kroner frå Riksantikvaren.

Pengane er frå ein pott på over 39 millionar som skal gå til istandsetting og vedlikehald av gamle industrianlegg.

Sidan 1994 har treskofabrikken vore eit industrielt kulturminne. Til neste år vil anlegget truleg vere i normal stand att.

Kan bli freda

Fylkeskommunen meiner også at fabrikken har nasjonal verdi som kulturminne. Treskofabrikken i Gulen kan dermed bli freda.

Fabrikken vart etablert i 1899 og var i drift fram til 1972. Den høge verneverdien til anlegget kjem av at det er komplett med pollen, demninga, røyrgata og fabrikkbygningen med alt maskineri og spesialverktøy for framstilling av tresko.

Dersom hovudutvalet for kultur går inn for freding, blir saka sendt til riksantikvaren for endeleg avgjersle.

Les