11.02.2012

Traktorulykke i Olden

Ein person skal vere skadd, opplyser politiet.

Personen skal ha kome i klem under traktoren i Olden i Stryn kommune. Politi og ambulanse er sende til staden.

– Vi veit førebels ikkje så mykje, men det skal vere snakk om klemskader. Tilstanden til mannen er førebels uvisst, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulykka litt over klokka 20 i kveld.

– Mannen blir frakta til sjukehuset i Førde med ambulanse, seier Eggen.