Hopp til innhold

Legane får endeleg snakke nynorsk

Helseføretaka har innført taleattkjenning for legane på sjukehusa, men den har kun forstått bokmål. No slepp nynorsklegane å snakke bokmål.

Helseføretaka har sjølv konkludert med at sjukehusa har plikt på seg til å tilby taleattkjenning på nynorsk.

– Dette er det vi har meint heile vegen, og konklusjonen er svært gledeleg for nynorsken, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Har skapt frustrasjon

Helseføretaka har innført taleattkjenning for legane på sjukehusa. Det vil seie at datamaskina kan skrive ned det som legane dikterer ho skal skrive. Dermed slepp sjukehusa å løne eigne sekretærar for å gjere dette arbeidet.

Håvard Øvregård

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Foto: Kjartan Helleve

Dette er eit heilt nytt system, og til no har denne taleattkjenninga berre «forstått» bokmål, og teksten har også blitt skriven på bokmål.

Dette har skapt mykje frustrasjon og mellom andre Medisinsk Mållag har påpeika at programmet må kome på nynorsk. Og no er det altså klart at programmet skal utviklast på nynorsk.

– Dette er ny teknologisk utvikling som det er viktig at nynorsken er ein del av. Og for oss er det ein siger at det vert gjort så klårt at sjukehusa har ei plikt på seg til å tilby taleattkjenning på nynorsk, seier Øvregård.

Burde starta tidlegare

– Eg vil likevel gjere det klart at helseføretaka burde sett i gang utviklinga av nynorskprogrammet samtidig med bokmålsversjonen. Eg vil tru det hadde blitt mykje rimelegare og raskare for helseføretaka, seier han.

Stortinget gjorde det klart då dei handsama språkmeldinga at når det offentlege arbeider med språk, så vil det seie både nynorsk og bokmål.

Den juridiske vurderinga som seier at nynorskversjonen skal vere eit tilbod på linje med bokmålversjonen bør bli retningsgjevande i andre liknande saker.