Idrettstalent forsvinn
Gjøran Tefre må til Geilo for å få ei utdanning som kombinerer skulefag og toppidrett.
Unge idrettstalent forsvinn ut av fylket. Det vil dei vidaregåande skulane endre på.
Publisert 11.03.2010 21:15. Oppdatert 11.03.2010 22:10.
- Skriv ut
Gjøran Tefre (15) frå Førde vil satse på langrenn, og siktar seg mot toppen.
– Det er det eg synst er moro å drive med. Eg har det veldig moro når eg går på ski, seier han.
Må til Geilo
Han er eit av fleire talent som ynskjer å satse vidare på ein idrett mot toppnivå. Men her i fylket finn han ikkje ei utdanning som kombinerer utdanning og toppidrett.

Gjøran Tefre
Foto: Torje Bjellaas/NRKAvgangseleven på Førde ungdomsskule vurderer i staden Norges Toppidrettsgymnas på Geilo neste skuleår.
Tefre meiner idrettslinjene i Sogn og Fjordane ikkje er gode nok for dei som vil satse.
– I forhold til Geilo så kan dei eigentleg ikkje måle seg. Men dersom fylket hadde hatt eit skikkeleg tilbod hadde valet vore lett, seier Tefre.
– Hadde vi hatt ei vidaregåande linje i Førde som kunne kombinert skule og idrett på ein like god måte hadde eg nok valt å bli igjen.
For dårleg tilbod
Tilbodet til elevar i vidaregåande skule er for dårleg, meiner både idrettskrinsen og skulane.
Dei er bekymra for at fråflyttinga kan skade idrettsmiljøet i fylket.
Kjell Arnestad er rektor ved Firda vidaregåande skule. Han har sett fleire unge talent forsvinne ut av fylket.
«Vi har eksempel på at heile lag har rakna når to eller tre av toppspelarane på laget forsvinn.»
Kjell Arnestad
Vil byggje opp betre tilbod

Kjell Arnestad
Foto: Torje Bjellaas/NRKSkulane og idretten i Sogn og Fjordane vil no samarbeide slik at dei ulike skulane skal spesialisere seg på enkelte idrettar.
Arnestad leiar arbeidsgruppa som skal byggje opp idrettstilbodet på dei vidaregåande skulane.
– I praksis skal kvar skule lage eit tilbod som skal inkludere opplæring i skulefaga og opplæring i idretten, seier han.
Norvall Nøringset, nestleiar i houvdutvalet for opplæring i fylket trur det vil vere mogleg å byggje opp eit toppidrettstilbod innanfor enkelte idrettar.
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen