- Må støtte musikklivet

Organisasjonen Brak utfordrar det offentlege til å vise meir engasjement for musikklivet i fylket.
Publisert 11.03.2010 19:06.
- Skriv ut
- Det er viktig at både kommunar og fylkeskommunen viser engasjement og interesse for musikarane i fylket.
Det seier Stig Ese Eliassen som er prosjektleiar for organisasjonen Brak i Sogn og Fjordane.
Høyr Stig Ese Eliassen i Brak
Brak

Brak er interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Brak driv landets første regionale kompetansesenter for rytmisk musikk, og skal bidra til å betre og tilrettelegge rammene for musikkmiljøet.
-Paradoks at ingen bur her
Bakgrunnen for utspelet er at ingen av dei ti artistane frå Sogn og Fjordane som spelte under Bylarm bur i fylket.
- Det er eit paradoks at så mange flinke og gode kjem frå fylket, men at ingen bur her, seier Eliassen.
Mellom anna seier urørtvinnarane The Pink Robots frå Selje at dei ikkje kunne lukkast slik dei har gjort no, dersom dei budde i Sogn og Fjordane.
Les og;Artistar flyttar frå fylket
Må bygge miljø
Men Stig Ese Eliassen meiner det er mogleg å bygge musikkmiljøet sterkt nok til at også band som The Pink Robots kan bu her og drive med musikk. Brak vil no jobbe aktivt for å knytte tettare band mellom artistane i Sogn og Fjordane.
Artikkelen held fram under bildet.

The Pink Robots seier dei måtte flytte ut frå Sogn og Fjordane for å lukkast musikalsk.
Foto: Stian Sjursen Takle/NRKMå samarbeide
- Eg trur vi har mykje å hente på å samarbeide, utveksle kunnskap og skape eit fellesskap mellom artistane i fylket. Men det er viktig at også det offentlege engasjerer seg, og viser at dette betyr noko for fylket, seier Eliassen til lokalmusikkprogrammet Lutt på NRK sogn og Fjordane.
Lyd og video
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Hovland netta for Molde
Bjarne Lerum Bilmuseum